Illustrasjonsfoto: Wikipedia
- Annonse -

Ulukka som skjedde ved Husnes båthamn torsdag denne veka fekk eit tragisk utfall.

Jenta skal i følgje politiet ha vore i sjøen i rundt tre minuttar då ho fall frå land.

Det blei utført livredning på staden etter at jenta blei henta opp, og ho blei frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Laurdag opplyser Helse Vest at den 3 år gamle jenta døydde på sjukehuset.

Jenta var syrisk statsborgar og budde i Tyskland. Ho var på ferie i Norge saman med familien då ulukka skjedde.