Verdsstjerner vitjar Stord Jazzklubb 26. januar: Per Mathisen (bass), Ulf Wakenius (gitar) og Gary Husband (trommer).
- Annonse -

Stord Jazzklubb vil i år delta med heile tre konsertar i Vinterjazz 2019, eit årleg konsertkonsept som jazzklubbane sin medlemsorganisasjon, Norsk jazzforum, er initiativtakar til.

Pressemelding frå Stord Jazzklubb:

Konsertane blir haldne på klubben sin faste konsertscene på Grand Hotell.

Laurdag 19. januar går starten på vårsesongen med Organ Jam, ein kvartett av musikarar nært knytte til Stord. Dei to saksofonistane, Ole Jacob Hystad og Tor Yttredal, er til og med søskenbarn som har vakse opp i lag her. Det karakteristiske Hammond B3-orgelet med fotbass, som blir traktert av Svein Olav Herstad, gjer at lydbildet blir rått og kraftfullt. Med Stein Inge Brækhus i tillegg på trommer, kan ein venta at denne konserten blir ei heit oppleving.

Laurdag 26. januar får jazzklubben vitjing av Per «Bass Viking» Mathisen Trio Deluxe, feat. Ulf Wakenius & Gary Husband, eit band med rekordlangt namn som rommar tre musikarar i verdsklasse. Bandsjefen, norske Per Mathisen, er den hottaste bassisten her på berget, og han blir ofte tittelert på same vis i verdsmålestokk. Grammy-nominerte Ulf Wakenius på gitar er ein av dei mest vidgjetne svenske musikarane nokosinne. Multiinstrumentalist Gary Husband frå UK er kjend som batterist og tangentspelar verda over. Eit utruleg kupp å få denne fantastiske trioen til Stord Jazzklubb. Desse glitrande instrumentalistane og deira samspel seg imellom gir publikum hakeslepp og kan ta pusten frå ein.

Organ Jam: Tor Yttredal (sax), Stein Inge Brækhus (trommer), Ole Jacob Hystad (sax), Svein Olav Herstad (B3-orgel)

Fredag 1. februar er det Trøen/Arnesen kvartett, med fire musikarar frå Bergen, som står på jazzklubbscenen. Kombinasjonen gamle ringrevar og pur ungt talent er uslåeleg. Elisabeth Lid Trøen er ein ung, framstormande saksofonist som dei siste åra har spelt saman med ei rekkje av kjende norske jazzutøvarar. Dag Arnesen har gjennom ein mannsalder stadig bevist at han er i den ypperste eliten av norske jazzpianistar. Ole Marius Sandberg er ein ettertrakta bassist for mange jazzband. Frank Jakobsen er batteristsjefen i svingande jazz, og han tilhøyrer elitelaget som perkusjonist. Kvartetten tar med seg jazztradisjonen inn i eigne komposisjonar, samt eigne tolkingar av gamle perler.

- Annonse -

Resten av vårprogrammet

- Annonse -
- Annonse -

Konsertmenyen til Stord Jazzklubb vidare denne våren byr også på ei rekkje godbitar. Etter at vinterjazzprogrammet er unnagjort, står vokalist Inger Marie Gundersen med band klar på jazzscenen i midten av februar. Med ein kvintett i ryggen presenterer ho lyttevennlege versjonar av standardlåtar og jazzversjonar av kjende poplåtar. Det blir også plass til originalskrivne låtar, laga nett for denne artisten og hennar band. Inger Marie Gundersen, med den særeigne stemma, har gitt ut fleire plater i eige namn. Nokre av låtane har blitt hits på ulike radiostasjonar. Denne konserten trur me vil gå rett heim hos eit jazzelskande publikum.

Stord Jazzklubb ønskjer å sleppa til minst eitt reint bluesband på klubbscenen kvart år. I siste konserten på vårprogrammet, laurdag 11. mai, er det gode, gamle Bergen Blues Band med originalbesetning som eig scenen. Bandet blei starta i 1974 og var svært populært på 1970 og -80 talet. Med John Magnar Bernes («Hungry John», vokal og munnspel) og Ole Thomsen (gitar) i spissen vil bandet framføra sine største hits i tillegg til eit knippe nye låtar. Det blir garantert full trøkk i storstova på Grand denne kvelden!

Innimellom dei to sistnemnde konsertane står ytterlegare ni arrangement på vårprogrammet, tre av dei på klubben sin eigen scene på Grand Hotell. Heile menyen finn ein på Stord Jazzklubb sine heimesider.

- Annonse -