Jarand Taraldsøy Rafdal (18) fekk æra av å starte produksjonen av Johan Castberg saman med olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein førsteårslærling frå Stord fekk æra av å starte storproduksjonen av Johan Castberg-skipet på Kværner.

– Eg fekk ikkje beskjed før i går kveld, då ringte det ein kar og skulle helse frå ministeren og inviterte meg til å trykke på knappen. Det var ikkje sånn eg hadde planlagt å tilbringe dagen i dag, smilar Jarand Taraldsøy Rafdal (18).

Han er førsteårs platelærling, og har berre vore på Kværner sitt verft i rundt fire måndadar. Onsdag fekk han æra av å starte den aller første produksjonen på Johan Castberg-prosjektet, saman med olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).

– Eg sov jo litt dårleg i natt, og var ganske spent på dette her.

Her har olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) nettopp trykka på knappen som satte i gang den automatiserte kuttinga av den første stålplata som skal bli ein del av dekket på produksjonsskipet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Fantastisk å møte ekte arbeidsfolk

Det var første gong at den ferske olje- og energiministeren har vitja Stord. Han satt seg godt til rette i operatørstolen, og trykka saman med Rafdal på knappen som satte i gang den automatiserte kuttinga av den første stålplata som skal bli ein del av dekket på produksjonsskipet.

– Det er veldig kjekt å vere med på brennestart av Johan Castberg her på Stord. Det er fantastisk å kome her i dag og møte ekte arbeidsfolk, sa ministeren.

- Annonse -
- Annonse -

Han fortalte at dei totale investeringane på Johan Castberg-utbygginga er svimlande 47 milliardar kroner.

– Det demonstrerer tydeleg den høge kompetansen i norsk olje- og leverandørindustri. Castberg-utbygginga vil skape store verdiar for felleskapet. Utbygginga skapar ringverknadar i store deler av Norge, som me i all tydelegheit ser her på Stord.

- Annonse -

– Mange lærlingar skal bygge kompetanse gjennom Johan Castberg-prosjektet. Både her me er i dag på Stord, i Verdal og ved Aker Solution sine verft.

Konsernsjef i Kværner, Karl-Petter Løken, håper på mange nye kontraktar for Kværner i Barentshavet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Trur på fleire kontraktar i Barentshavet

Konsernsjef i Kværner, Karl-Petter Løken, fortalte at produksjonen av dei første stålplatene og modulane til Castberg no startar paralellt på Stord, Verdal og i Polen. Sjølve skroget til produksjonsskipet blir levert til Stord hausten 2020.

– Bygginga startar parallelt på fleire lokasjonar. med hovudbrennestart her på Stord. No kuttar me også første plate ved anlegget i Verdal. Dei speler også ein veldig viktig rolle for Castberg-prosjektet.

Han trur Johan Castberg berre er starten på kontraktar for utbygging i Barentshavet.

– Dette havområdet blir veldig viktig for Kværner med tanke på framtidig aktivitet for Kværner sine anlegg Norge. Difor blir eg oppmuntra når eg les Equinor og regjeringa sine ambisjonar for Barentshavet. Det vil kunne vidareutvikle og skape tusenvis av arbeidsplassar over heile landet, inkludert på Stord.

– I dag markerer me starten på bygginga av dekket på det flytande produksjonsskipet Johan Castberg. Alle våre prosjekt er spesielle, men Johan Castberg er eit ekstra spesielt prosjekt for oss i Kværner. Kværner sin kontraktsverdi er 3,8 milliardar kroner. Det er mykje pengar.

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) sette pris på å møte «ekte arbeidsfolk». Foto: Jonas Sætre/Stord24

- Annonse -