Jan Morten Haukefær og stedottera Eirin hamna midt i terrordramaet i Manchester. Foto: privat
- Annonse -

Etter alt hell gjekk det bra med Jan Morten Haukefær og stedottera Eirin frå Stord under terrorangrepet i Manchester.

Ariana Grande-konserten skulle vere ei fin avslutning på ei fotballtur i Manchester for Jan Morten Haukefær og stedottera Eirin frå Stord. Men konsertopplevinga utvikla seg til eit mareritt då ei bombe gjekk av som så langt har teke 22 menneskeliv, blant dei mange barn.

Heldigvis for dei to frå Stord var dei i motsett ende av den svære konsertarenaen då angrepet skjedde.

Mykje skriking

– Me satt heilt framme med scenen på sida av scenen, og dette skjedde i andre enden av salen. Me sprang mot den andre sida. Det var mykje unge jenter og grining og skriking. Det var ikkje noko kjekk oppleving.

Han fortel at situasjonen var prega av stor forvirring, men at dei skjønte at det gjaldt å kome seg ut så snart som mogleg.

- Annonse -

– Lyset kom på etter konserten og då det smalt trudde me dei kom tilbake på scenen. Men då folk begynte å skrike og springe så skjønte me at noko hadde skjedd. Så me kom oss ut så fort me klarte, hoppa inn i taxien og kom oss til hotellet, fortel Jan Morten Haukefær.

Skjønte alvoret

Det var ikkje før seinare på kvelden at dei forsto alvoret i situasjonen.

– Det var då me var nede og snakka med resepsjonistane i natt at me fann ut at det var meir alvorleg enn me trudde.

Like etter skreiv Jan Morten denne statusen på Facebook for at vener og familie ikkje skulle bekymra seg.

Eg og Eirin har vore på Ariana Grande konsert i Manchester Arena ikveld. Etter siste sang kom det 2 kraftige…

Geplaatst door Jan Morten Haukefær op Maandag 22 mei 2017

No er Jan Morten og Eirin på veg til London der dei skal ta fly heim i kveld. Han fortel at stedottera har det bra etter det som har skjedd.

– Det går fint med ho. Ho veit kva som har skjedd men går bra. No gjeld det berre å koma seg heim fortast mogleg. Me reiser til London no og Bergen i kveld.

– Korleis blir det å vere i store folkemengder igjen etter dette?

– Akkurat det å dra på sånne konsertar har eg ikkje tenkt så mykje på akkurat no. Det blir ikkje i næraste framtid iallfall.

Vakna til nyheitene

Sambuaren til Haukefær og mor til Eirin, Jane Nerhus, fortel at ho fekk vite om den dramatiske hendinga først i dag tidleg.

– Det var nok ikkje nokon god oppleving for dei. Og det var heller ikkje noko kjekt å vakne til for meg. Det skal jo liksom vere trygt å sende borna sine på konsert, seier Nerhus til NRK Hordaland.

– Dei har nok fått seg eit sjokk, seier Nerhus.

 

- Annonse -