Jan Erik Vold kjem til Stord til hausten. Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Jazzklubb har i samarbeid med Falturiltu-festivalen invitert den kjende jazz-lyrikaren Jan Erik Vold til Stord.

– Dette blir vanvittig bra. Særleg for den eldre generasjonen som går på jazzklubben. Dei kjenner jo veldig godt til Jan Erik Vold, seier Olav Fjell i Stord Jazzklubb.

Han er godt nøgd med å fått henta inn Vold til haustens jazzprogram. Den kjende poeten vil ta turen til Stord i samband med haustens Falturiltu-program, der han vil gå på scena saman med jazzbandet Come Shine.

Jubileumsturné

Det var under årets Vossajazz at Olav Fjell fekk ideen om å få Vold til Stord.

– Come Shine er 40 år og er ute på jubileumsturné. Då hadde dei ei førestilling på Vossajazz no i år saman med Jan Erik Vold. Det var difor me tenkte på dei.

Førestillinga på Stord vil også ha eit lokalt preg, då Valevåg-forfattar Einar Økland vil ta del i showet.

- Annonse -

– Sidan dette er ein nynorsk litteraturfestival får me med oss Einar Økland. Han var studiekamerat med Jan Erik Vold og har kjend kvarandre lenge. Dei skreiv mellom anna ei bok saman på 1970-talet, så me ønskte å kople dei. Det ville dei gjerne begge to.

Nynorsk og bokmål

Trond Onarheim i Falturiltu-festivalen fortel at dei måtte gripe sjansen når dei fekk eit slikt tilbod frå jazzklubben.

– Sjølv om me er primært ein nynorsk litteraturfestifal, men i og med at Come Shine er eitt av dei verkeleg store jazzbanda i Norge så kunne me ikkje la denne moglegheiten gå frå oss. Tanken her blir å foreine bokmål og nynorsk.

Kvart år plar Falturiltu-festivalen ha eit større arrangement for vaksne. Onarheim meiner denne jazzførestillinga passar ypparleg til det.

– Det har jo vore ein tradisjon å ha noko på fredagen som appellerer til eit vakse publikum, og då vil me gjerne ha eit stort namn. Det har me fått no.

Folkekjær

Jan Erik Vold er ein av Norges mest folkjekjære lyrikarar, og har sidan 1960-talet opptrådt på jazzklubbar og festivalar rundt om i Norge. Han har mellom anna jobba saman med Chet Baker,Terje Rypdal og Jan Garbarek.

Han er kanskje spesielt kjend for diktet «Kulturuke».

Årets Falturiltu-festival vil gå av stabelen frå 3. til 9. november.

- Annonse -