Jan Arve Haugan har vore konsernsjef i Kværner sidan 2011. No er han konsrnsjef i Aker Energy, som i følgje bransjeavisa Upstream vurderer plattformbygging på Stord. Foto: Kværner
- Annonse -

Idar Eikrem, som er finansdirektør, er konstituert som midlertidig konsernsjef.

Jan Arve Haugan (61) har vore konsernsjef i Kværner sidan 2011, og har bestemt seg for å slutte i stillinga 1. mars.

Då byrjar han i ny jobb som konsernsjef i eit anna Røkke-selskap, nemleg Aker Energy.

– Samtidig med ein krevjande periode i marknaden har Kværner med Jan Arve ved roret levert 26 kvartal på rad med godt resultat, og utan å overraske negativt ved nokre av dei. Styret ønskjer å uttrykkje takksemd til Jan Arve som innsatsen hans som sjef på Kværner, seier styreleiar Leif-Arne Langøy.

Haugan er glad for å forlate roret i Kværner når aktiviteten no er på topp.

– Med opprettinga av Aker Energy kom det opp ein ny spennande moglegheit for meg. Etter mi meining er dette eit godt tidspunkt for å overlate stafettpinna til andre. Selskapet er solid. Kværner si viktigaste styrke er dei 2.700 tilsette, ein fantastisk gruppe menneske, samt ein god bedriftskultur og to veldrivne anlegg på Stord og i Verdal, seier Haugan.

- Annonse -

No har styret engasjert hovudjegerar for å finne den rette etterfølgjaren til Haugan. Midlertidig er det finansdirektør Idar Eikrem som er konstituert som midlertidig konsernsjef.

– Me vil evaluere både interne og eksterne kandidatar. Inntil ein ny leiar er på plass vil Idar Eikrem fungere midlertidig som konsernsjef, seier styreleiar Langøy.

Eikrem (56) starta i jobben som finansdirektør i 2016, og har tidlegare hatt ei rekkje toppleiarstillingar.

- Annonse -