Varaordførar og grunneigar Jakob Bjelland protesterer mot Kurt Arne Tyse og Leif Trygve Nilsen sine store utbyggingsplanar i Djupavikjo utanfor Leirvik sentrum. Foto: Stord komme/Fronta/Stord24/privat
- Annonse -

Bjelland seier nei til å stille friluftsområdet han eig til dispensasjon for privat utbygging av strandpromenade. 

På vegner av tiltakshavar Djupavikjo Boliginvest AS har ABO Plan og Arkitektur
sendt inn ein prinsippsøknad for oppstart av detaljregulering i området Djupavikjo-Teinevikjo, like utanfor Leirvik sentrum.

Målet er å bygge 150 leilegheiter, samt samanhengande strandpromenade frå sentrum til Sponavikjo.

– Dette vil bli eit veldig spennande prosjekt. Me ser for oss blokkar og litt forskjellig, og ser for oss at dette blir ei vidareføring av den type bustadar i strandsona som no blir bygd i Teinevikjo. Det vil vere sentrumsnært og sjå flott ut i forhold til innseglinga til Leirvik, sa Kurt Arne Tyse til Stord24 i fjor sommar, som saman med Leif Trygve Nilsen står bak prosjektet.

Dei har sikra seg ein 35 mål stor tomt, der dei ønskjer å bygge bustadar, i hovudsak blokkleilegheiter.

Vil ikkje stille areal til dispensasjon

Men prosjektet er også avhengig av velvilje frå andre grunneigarar. Blant anna varaordførar Jakob Bjelland (Sp), som er grunneigar av Gullberg-skogen og eit areal mellom Sponavikjo og eigedomen som Tyse og Nilsen har sikra seg. Han er blant fleire grunnaigarar som har protestert mot planane.

- Annonse -

Bjelland slår fast at han «ikkje ønskjer å stille areal til dispensasjon for bustad og strandpromenaden, og set som føresetnad at han får same høve til å leggja ulike føremål på hans eigedom som søkjar vil ha på sin eigedom».

Han meiner han har krav på å bli kompensert for å stille eigedomen sin til dispensasjon for utbygging av strandpromenade.

– Om eg på denne måten skal stilla areal til disposisjon for fellesskapet, vil eg krevja kompensasjon for dette i form av ei reguleringsendring på andre deler av min eigedom som fører til verdiheving, skriv Bjelland.

– Ikkje rettvist

Varaordføraren skriv at han som grunneigar i Gullberg-skogen tilfører fellesskapet store verdiar utan at dei tener noko på det økonomisk, og meiner difor det er feil at han skal avsjå areal som er med på å gå økonomisk gevinst for bustadprosjektet i Djupavikjo.

– Vår eigedom er ei viktig grøn lunge i eit stadig meir tettbygd sentrumsområde. Min familie har i meir enn 250 år drive skogbruk, dyrehald og skjøtsel i området, og stått mot utbyggingspress. No er det mi oppgåve å halda området ved like.

– Me set pris på at mange nyttar skogbruksområdet i Gullberg til friluftsaktivitetar, men forventar å verta synt respekt for arbeidet med å halda området i hevd. Og då er det ikkje rettvist dersom den fragmenterte delen av min eigedom som ligg innafor den føreslegne reguleringsplanen skal haldast av som grøntområde i ein reguleringsplan slik at andre får utløyst enno større verdiar gjennom eventuell omregulering.

Det er i det grønne området mellom Sponavikjo camping (nedst til høgre) og industriområdet ved Moloen at investorane ønskjer å bygge bustadar.

Han er ikkje aleine om å vere skeptisk til planane. Dette er nokre av tilbakemeldingane som er kome frå grunneigarar i området:

«Er sterk i mot søknad om omregulering og forventar at kommunen forheld seg til gjeldande planar.»

«Skeptisk pga. nedbygging av strandsone, i lys av stor utbygging i sentrum viktig å behalde sentrumsnært grøntområde. Trafikk og skulekapasitet må løysast først.»

«Meiner området må setjast av til rekreasjon og ikkje byggjast med blokker. Protesterer mot småbåthamn og at deira eigedom vert del av båthamn.»

Fylket ikkje like skeptiske

Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland er derimot ikkje like skeptiske. Førstnemnde peiker på at sentrumsnær bustadbygging er positivt.

– Har ein ikkje tilgjengeleg areal for fortetting med bustadbygging innafor sentrumsavgrensinga, kan det vere aktuelt å vurdere Djupevikja som sentrumsnært bustadområde, skriv fylket.

Fylkeskommunen viser til at Stord kommunen sjølv må vurdere om kommunen ønskjer
bustadfortetting i Djupavikja, og ta ei avgjerd om oppstart ut ifrå dette.

I løpet av det siste halvåret har prinsippsøknaden vore ute på høyring, og neste veke skal Forsvaltningsstyret avgjere om investorane skal få løyve til å starte opp med detaljregulering. Men rådmannen stiller seg skeptisk til å seie ja.

– Rådmannen rår til at planinitiativet vert stoppa då det er i strid med gjeldande kommuneplan. Rådmannen vurdere at planarbeid bør avventa til området er vurdert i samband med revisjon av kommuneplanen.

Positivt med strandpromenande

Samtidig understreker rådmannen at prosjektet har mange positive element i seg. Mellom anna at dei statlege retningslinjene seier at det skal vere høg arealutnytting for bustadar i byområde. Ikkje minst er han positiv til at strandpromenaden kan realiserast som følgje av prosjektet.

– Rådmannen er samd i verdien av planlagt strandpromenade, som ville vore eit klart positiv element og bidrege til å betre tilgjenge mellom sentrum og Sponavikjo, og vidare til
Gullberg. Rådmannen meiner likevel at strandpromenaden ikkje kan vega opp ulemper som
det er gjort greie for ovanfor.

Det er planlagt om å melde oppstart av kommuneplanarbeid i løpet av første halvår.

- Annonse -