Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Ein tredje kjønnskategori er eit viktig steg på vegen for å erkjenne og tolerere som samfunn at ikkje alle identifisere seg som mann eller kvinne.

Av: Ådne Steinsbø Walquist,
Stord Sosialistisk Ungdom

Det har i det siste vore ein del snakk om det skal opnast for ei tredje kjønn eller ikkje. Om ein ser på debatten får dei siste åra finn ein likskapstrekk frå tidlegare debattar, som til dømes ein debatt om i kva for ein grad homofile skal få lov å vera homofile, noko som tyder på at Noreg fortsatt ligg på same nivå som då.

Det finnes i dag ein del menneske som ikkje føler seg heime i sin eigen kropp, fordi dei veit ikkje kva kjønn dei vil identifisere seg som. Mange av desse personane har i lang tid slitt med å finne ut kven dei er, og nokre klarar ikkje å finne ut kven dei er. Kvifor skal ikkje dei få identifisere seg som eit tredje kjønn?

Eg vise til artikkelen som blei publisert på Stord24.no om at Sunnhordland FpU seier nei til eit tredje juridisk kjønn. FpU formidlar i denne artikkelen at dei meiner at det berre finnes to kjønn; nemleg mann og kvinne. Dette seier eg med ueinig i, då eg meiner det finnes eit tredje kjønn for dei som identifiserer seg som verken mann eller kvinne.

I menneskerettighetene står det i artikkel 1 og 2 at «Alle menneske er fødd frie og bør behandlast likt» og «Alle er like mykje verdt, uansett hudfarge, kjønn, religion eller språk». Det meiner eg inneberer at ein skal få lov og ha rett til å identifisere seg sjølv som eit tredje kjønn.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

At det ut i frå kva kjønnsorgan ein har at det skal bli bestemt kva kjønn personen er, er ikkje rett. Det er masse som spelar inn når det kjem til kjønn og kjønnsidentitet. Det kjem ikkje berre an på kva for eit kjønnsorgan ein har, men også kva ein sjølv føler. Det er både det biologiske og det psykiske som spelar inn når det kjem til kva kjønn ein sjølv vel å identifisere seg som.

Ein tredje kjønnskategori er nemleg eit viktig steg på vegen for å erkjenne og tolerere som samfunn at ikkje alle identifisere seg som mann eller kvinne. I dag kan ca.20 prosent av verdas befolkning velje eit juridisk tredje kjønn i ID-papira sine. Kvifor skal ikkje norske innbyggarar få lov til dette?

Kva som får ein til å føle at ein er den ein er, bør ikkje vera noko ein skal benekta. Benekting av vitskapleg og biologiske fakta har heller ikkje noko å seie, men det handlar om definisjonen av kva eins eigen lykke er.

- Annonse -