Foto: Atea.no
- Annonse -

Ønskjer å posisjonere seg for komande digitaliseringsoppdrag i Sunnhordland, og varslar fleire tilsetjingar ved Stord-kontoret.

I dag er det to tilsette ved Atea-kontoret på Stord, som er eitt av 25 norske kontor for IT-selskapet. No ser dei moglegheiter og vil satse meir på Stord, skriv Sunnhordland.

– Det skjer så mykje spanande prosjekt på Stord at me ønskjer å vere med på det som skjer der, seier regiondirektøren i Atea, Petter Alfsen til avisa.

Dette betyr nytilsetjingar på Stord-kontoret, men Alfsen veit førebels ikkje kor mange det vil vere snakk om.

- Annonse -

Atea presenterer seg sjølv som nordens største leverandør av IT-infrastruktur. På Stord er kommunen blant dei største kundane til selskapet, som har kontor på Heiane.

Dermed blir Atea det andre IT-selskapet som satsar på Stord så langt i år. I mai starta Skye avdelingskontor på Stord, og også der vart det proklamert ei komande auke i talet på tilsetjingar.

- Annonse -