Slik var dei opphavlege teikningarne for den nye ishallen på Vikahaugane. Designet kjem ikkje bli slik som på teikninga.
- Annonse -

Det er framleis mykje som står att før finansieringa er på plass for ishallen. Hallkomiteen er likevel trygg på at hallen blir realisert til slutt.

For nokre veker sidan vart det kjend at Sparebanken Vest løyver éin million kroner til bygginga av den planlagde ishallen på Vikahaugane, som er stipulert å koste over 40 millionar kroner.

Likevel er det framleis mykje som står att før ein kan setje spaden i jorda for hallprosjektet, som er tenkt å vere eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune, kulturdepartementet og næringslivet.

Magne Jostein Mikkelson. Foto: Fronta

Avklaring til neste år

Tidlegare i år skreiv Mikkelson eit brev til departementet om at arbeidet med hallen kunne bli starta allereie i haust. No tør han ikkje lenger spå noko dato.

– No skal me presentere prosjektet for politikarane, og forhåpentlegvis kome i gang med reguleringsarbeidet. Det er ikkje noko stor plan dette her. Det er blitt gjort mange grep på Vabakken, og dette er ein mindre reguleringsendring. Så vil me ta sikte på ei finansiell avklaring til neste år, fortel prosjektleiar Magne Jostein Mikkelson.

- Annonse -

Mikkelson seier at hallkomiteen sjølv kan finansiere reguleringsplanen med midlar dei har avsett.

I følgje finansieringsplanen til hallkomiteen som vart skrive tidlegare i når, har dei budsjettert med at fylkeskommunen skal bidra med seks millionar kroner, og 7,5 millionar kroner frå Stord kommune. I tillegg vart det ført opp 8,8 millionar under momsrefusjon, som dei meiner Stord kommune skal kunne krevje.

Må vere forankra i kommunen

Hordaland fylkeskommune skulle eigentleg handsame søknaden om finansieringa av hallen i september, men saka vart utsett fordi hallen enno ikkje er forankra i det kommunale langtidsbudsjettet. Det er nemleg ei føresetnad for at fylkeskommunen skal kunna bli med på spleiselaget.

– Me løyver berre pengar til tiltak som er prioritert høgt i kommunen, og då må det ligge inne ei forplikting om at det skal byggast i korttids- eller langtidsbudsjettet, seier fylkesdirektør for kultur idrett i Hordaland, Per Morten Ekerhovd.

Ordførar Gaute Epland (Ap) har ikkje fått sett på brevet, men han tør førebels ikkje å spå kor realistisk det er at kommunen blir med på spleiselaget for ishallen no.

– Det som er å seie om ishallen er at den førebels ikkje er forankra i dei kommunale planane. Når me får eit sånt skriv få fylkeskommunen må me ta stilling til dette i samanheng med budsjettet.

Innsparing for kommunen

Mikkelson tør ikkje no å seie korleis han ser for seg at finansieringa vil bli. Men er klar på at det ikkje er aktuelt at kommunen skal løyve pengar i haustens budsjettforhandlingar.

– No har me fått ein million frå Sparebanken Vest, og me vil prøve å sikre dei fire millionane som me har øyremerka frå departementet. Reguleringsplanen vil avklare korleis bygget skal sjå ut. Då kan me hente ut ein pris i løpet av våren og sjå om kalkylane våre held.

Mikkelson peiker på at investeringa i ishallen vil bli ein betydeleg innsparing for kommunen på lang sikt.

– Ved å byggje ein hall vil kommunen spare betydeleg på drift på isbanen. Vêr og vind øydelegg materiellet der oppe, og me må me 30 centimeter tjukk is. Det krevjar vanvittig energi og medfører stor slitasje. Det blir ein heilt annan belastning på anlegget når me får ein hall. Her får me innsparing på drifta på betydelege beløp som me meiner me kan ta opp eit lån på innsparte midlar frå kommunen.

– Er du uroa over den tøffe budsjettsituasjonen i kommunen?

– No er ikkje dette noko nytt, men det er jo ikkje noko kjekt å lese om budsjettutfordringane i kommunen. Så me får halde oss til realitetane. Stord kommune har store investeringar framføre seg, så får me håpe og tru at me saman kan løyse dette innanfor tidshorisonten.

Sigbjørn Framnes. Foto: Stord kommune

Vanskeleg å prioritere

Sigbjørn Framnes (Frp) seier han har lite tru på at det vil bli høve til å løyve pengar frå kommunen på kort sikt.

– Eg ser på det som vanskeleg. Me må halde oss til prioriteringa idretten sjølv har gitt signal på, og der ligg ikkje ishallen inne. Skal me omprioritere så vil det gå ut over andre prosjekt. Den som ligg først i løypa no for investeringar er idrettshall og ungdomsskule Sagvåg, og ny sjukeheim. Då må ishallen vente, for Stord er allereie i ein pressa situasjon på gjeldsgraden.

– Eg er ikkje negativ til planane om skeisehall, men me må halde oss til køen.

Framnes meiner ishall-planane har gått for fort fram, og at prosjektet burde starta med å få det forankra i dei kommunale planane.

– Slik eg les denne saka verkar det som at det har gått i feil rekkjefølgje. Her har søknaden gått til fylkeskommunen før den har vore inne i dei kommunale planane, seier Framnes.

God kondis

Sverre Olav Svarstad (H) ser det også som utfordrande.

– Det vil bli ei kjempeutfordring å finne kommunale midlar til ishallen. Rådmannen seier jo at ein no risikerer å miste eigedomsskatten på verk og bruk. Skulle noko sånt skje blir jo dette endå meir utfordrande. Ishallen er eit kjempeprosjekt, men her må me vere realistiske.

Prosjektleiar Mikkelson er likevel framleis optimist på at ishallen vil bli realisert.

– Dette skal me ha på plass, så enkelt er det. Me har halde på sidan 2008 og har framleis god kondis.

- Annonse -