Foto: CISV Stord
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ei rekkje lag og organisasjonar og begge asylmottaka i byen stiller opp på Leirvik Torg i kveld for å markere den internasjonale fredsdagen med leik og moro.

I dag, 21. september, vert FN sin internasjonale fredsdag feira verda over. Tradisjonen tru skipar CISV Sunnhordland til eit arrangement på Torget på Leirvik.

Her vil det i år bli arrangert venskaplege kampar innan forskjellige idrettar, i samarbeid med BUA Stord, for å markere dagen.

– Årets markering blir ei uhøgtidleg, sportsleg tevling i venskapleg ånd. CISV utfordrar andre organisasjonar til å stille med eit lag på fire personar. Frivilligsentralen Stord stiller med utstyr frå den nyopna BUA, opplyser leiar for CISV Stord, Inger Berit Hagen.

Passar for alle

– Me skal ha mykje forskjellig type aktivitetar for alt mogleg, og BUA vil vise fram det dei har. Då blir det fem stasjonar med forskjellige idrettar. Det blir aktivitetar som passar både for vaksne og barn.

- Annonse -

Hagen fortel at også ordførar Gaute Epland er blant dei som har sagt ja til å stille lag. Han vil kome med laget sitt rett etter dagens kommunestyremøte.

CISV arrangerer fredsdagen for å syne fram at eit internasjonalt engasjement for fred kan ha vel så mykje med å gjere kva val me gjer her heime i kvardagen.

– CISV er jo ein internasjonal organisasjon som jobbar for fred og meir rettferd i veda. I det legg me at me ikkje berre vil jobbe internasjonalt, men også å skape engasjement lokalt. På denne dagen forsøker me då å setje fokus på at alle kan bidra litt.

Del av eit fellesskap

– Alt me gjer som enkeltindivid betyr litt i den store samanhengen. Me ønskjer å vise at me alle er ein del av eit større fellesskap. Saman vil me rette fokus på korleis me alle kan vere med å skape ei meir fredeleg verd, og feire vår eigen fridom gjennom leik og moro.

CISV-leiaren oppfordrar alle som ønskjer å delta om å stille med eit lag til den venskaplege tevlinga.

– Det er ope for alle, så det er berre til å kome og stille med lag. Me har bollar til alle, og det vert premie til vinnarlaget. lokkar Hagen.

Desse er utfordra til å stille med lag på 4 personar: Ordføraren, Internasjonal Kulturklubb, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Bygdekvinnelaget, Kunstlaget, Stord Parkour, Heiane mottak, Litlabø mottak, IL Trott, IL Solid oh Stord IL.

- Annonse -