Marius Bjelland håpar mange møter opp når han på torsdag drar i gang skatekonkurranse på Stord for 10. året på rad.
Torsdag er det den internasjonale rullebrettdagen, også kjend som «Go Skateboarding Day». Dagen blir markert i mange byar over heile verda med konkurransar og liknande.
Marius Bjelland (26) har arrangert konkurranse på Stord i ti år, og vil dra tradisjonen vidare i år ved å legge konkurransen til sentrum.
Før har konkurransen vore mellom anna på Nordbygdo ungdomsskule, men i samband med at det i år skal vere nattope i butikkane i sentrum har konkurransen blitt ein del av Leirvik sentrumsforening sitt program.
– Oppmøte har vore så som så tidlegare år, så eg vonar at folk tek turen i år sidan det blir lagt til sentrum, seier Bjelland.
Det vil bli halde to type konkurransar: «Game of skate» og konkurranse om å få det beste trikset. Han oppmodar alle skateinteresserte på Stord til å møte opp.
– Kven som helst kan delta. Det er for alle, så håpar også at mange kjem for å heia fram skatarane.
Han freistar med feite premiar, som blir sponsa av skatebutikken Session i Haugesund. Dei har vore fast sponsor av arrangementet på Stord i fleire år.
Konkurransen startar klokka 16 utanfor Sparebanken Vest.