Kultursjef Bente Bjelland klar til å vandra langs Fitjarelva. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den flotte nye turstien langs Fitjarelva blei ferdig i vår. No vil kultursjef i Fitjar, Bente Bjelland ha hjelp til å finne namn på vegen.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Den nye vegen blir ein samanhengande del av rundtløypa nær Fitjar sentrum, med Strandpromenaden og gangveg via Moahagen og idrettsbanane.

Kultursjef Bente Bjelland er ikkje så lite fornøgd over at ein ny, viktig del av denne rundløypa nærmast er ferdig. Det har kome ein fin grussti langs Fitjarelva frå Fitjar Fjordhotell til Moahagen. Entreprenør K. Volden gjorde ferdig vegstykket langs Fitjarelva i slutten av mars.

No kan me gå frå Sentrum langs ein gangsti nesten utan hindringar forbi Fitjar Fjordhotell, Fitjar kultur- og idrettsbygg, langs Fitjarelva til Moahagen. Derfrå kan me gå vidare anten opp til grasbanen, til grusbanen eller bort til Rema 1000 og tilbake til Sentrum.

Kultursjef Bente Bjelland fortel at dette er eit prosjekt som har hatt prioritet på politisk hald i Fitjar kommune. Dei har fått 360.000 i spelemidlar til vegen. Og no har dei løyvd 10 000 kroner til skilt. Desse vil ho få opp allereie til hausten.

- Annonse -

I godvêret før helga kjøpte kultursjefen to grillgryter som ho monterte i Moahagen. Ho foreslår derfor å kosa seg i skuggen i Moahagen med grillmat innimellom bading i Fitjarelva. Den er vel litt for grunn til å symja, men det kan jo vera kjekt å vassa i sommarvarmen og sjå på småauren.

Førebels heiter løypa «koseturen», seier Bente Bjelland. Men dette namnet er ikkje endeleg; no har ho bestemt seg for å lysa ut namnekonkurranse på turstien.

Forslag kan sendast på e-post til bebj@fitjar.kommune.no innan 5. august. Vinnar av konkurransen får eit gåvekort på kr 500 hos MX Sport Fitjar på kr. 500.

Vinnaren vert kunngjort under opninga av Fitjarfestivalen i midten av august.

Her kan du setja deg ned og grilla, seier kultursjef Bente Bjelland.
- Annonse -