Foto: Sunnhordland museum
- Annonse -

Fyrstkommande laurdag arrangerer Sunnhordland museum saman med Stord husflidslag det årvise arrangementet Haust på museet.

Pressemelding frå Sunnhordland museum.

Tradisjonen tru vert det “Haust på museet” fyrstkomande laurdag med mange spennande aktivitetar for store og små. Med eit fullspekka program utover laurdagen ligg alt til rette for ein ein triveleg familedag i Sunnhordlandstunet.

I år får museet besøk av Morten Kutchera som demonstrerar tilverking av verktøy frå førhistoroisk tid. . Morten Kuthera er flintsmed og ekspert i eksperimentell arkeologi. Morten syner publikum korleis folk i steinalderen lagde våpen og reiskap av stein, bein og andre materiale som dei henta frå naturen. Her vert det kanskje mogleg å få prøva seg på tilverking av vekty.

Stord Husflidslag stiller med kjekke aktivitetar som spikking, kransebinding, laging av hoppetau og eskebretting. Det vert også demonstrasjon av lefsebaking, karding, spinning og sokkabinding.

Venelaget for parken stiller opp og legg til rette for at dei besøkjande borna får prøva seg på å laga barkebåtar.

- Annonse -

Det vert 2 framsyningar av “Han Sivert” som er ein bardomshistorie frå Fitjarøyane framført av museet sin eigen formidlar Johanne Øvstebø Tvedten. Dette er ei førestilling som er kjekk for både stor og liten.

Det heile vert krydra med Trekkspelmusikk med Terje Gloppen og Bodil Vik og open kafe med gode moglegheitar for ein drøs over kaffikoppen.

Sunnhordland museum, Stord husflidslag og venelaget for parken håpar mange tek turen til Sunnhordlandstunet denne dagen.

- Annonse -