Forfattar Bushra Ishaq og prost Svein Arne Theodorsen i Sunnhordland prosti vil diskutere kva utfordringar islam har i forhold til det norske demokratiet.
- Annonse -

Er muslimar ein trugsel mot det norske demokratiet, eller aktivite deltakarar? Dette er utgangspunktet for ein samtale mellom forfattaren Busha Ishaq og prost Svein Arne Theodorsen på Stord neste veke.

Onsdag 7. mars vil Stord24 og tidlegare stortingsrepresentant Akhtar Chaudry og Stord24 invitere til samtale om islam og demokrati på Sunnhordland museum, med støtte frå Fritt Ord.

Den aktuelle forfattaren Busha Ishaq kjem frå Oslo for å snakke om si nye bok, «Hvem snakker for oss?» om muslimar i dagens Norge. Ho vil møte prost i Sunnhordland prosti, Svein Arne Theodorsen for ein samtale om dette viktige temaet.

Akhtar Chaudhry og Stord24 står bak arrangementet. Foto: privat

– Viktige spørsmål

Akhtar Chaudry meiner boka til Ishaq tek opp mange viktige og brennbare tema som mange i dagens Norge er svært opptekne av.

– Ishaq har skrive ei viktig bok med mykje nyttig forsking om korleis tilhøvet er mellom norske muslimar og det norske demokrtiet, ytringsfridomen og likestilling. Ein samtale om dette vil vere viktig for oss alle. Det kan gi oss innsikt om norske muslimar, og kan bringe oss nærmare kvarandre over trusretningar og livssyn.

– Kvifor meiner du dette er eit viktig tema å ta opp, også i eit lokalsamfunn som Stord?

- Annonse -

– Det bur over 500 muslimar på Stord. Difor skulle det berre mangle at me disktuerer denne boka i ein samtale på Stord like mykje som i Oslo eller Tromsø.

Angår oss alle

Boka til Ishaq kom ut i november i fjor, og fekk brei omtale i riksavisene. Mange roste Ishaq for bringe fram dei positive sidene ved islam i Norge og for å dempe islamfrykten, medan andre kritiserte ho for å skjønnmale problema med islamsk innvandring. Her kan du lese NRK si bokmelding av «Hvem snakker for oss?».

Chaudhry håper at mange frå Stord tek turen til arrangementet neste veke.

– Spørsmåla denne boka tek for seg angår oss alle. Me snakkar om dei ved middagsbordet, i kantina på jobben eller på ferja. Me har alle ei meining om korleis norske muslimar forheld seg til det norske demokratiet. Eg trur mange nysgjerrige stordabuar vil finne det interessant å treffe ein forfattar som har forska på desse problemstillingane, og i samtale med vår prost i Sunnhordland prosti.

Arrangementet er gratis, og vil skje i festsalen på Sunnhordland museum i Leirvik onsdag 7. mars kl. 18.00. Her er lenke til Facebook-arrangementet.

- Annonse -