Foto: Stord fotoklubb
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord fotoklubb inviterer fotointeresserte frå heile Vestlandet til Stord Fotomaraton laurdag 27. april.

Pressemelding frå Stord fotoklubb

Denne fotomaratonen er ein uformell konkurranse som går ut på å ta bilde til tre tema i løpet av ein dag.

– Arrangementet er ope for fotoentusiastar på alle nivå. Fotomaratonet er ei sosial og kreativ oppleving – ein møtestad for fotointeresserte og eit påskot for å gå ut og ta bilde, seier Tina Steinsland i Stord Fotoklubb, som er med i arrangementskomiteen for Stord Fotomaraton.

Fotomaratonen starter med registrering og utlevering av tre tema frå klokka 11 på «Sykkel & Kaffi» midt i Leirvik sentrum laurdag føremiddag.

«Sykkel & Kaffi» vil vera base for fotomaratonen, der ein kan komma innom for ein god kopp kaffe og hyggeleg fotoprat. Alle bidraga, eit bilde frå kvart tema, må vera tatt denne dagen og må leverast til juryen innan klokka 22 same kveld.

- Annonse -

– Dei beste bilda vil bli printa ut i A2 på fotopapir og vil bli til ein flott fotoutstilling der bileta vil bli hengt opp på innsida av vindauge i Borggata, fortel Svein Olav Langåker, leiar i Stord fotoklubb.

Fotoutstillinga vil bli utstilt fra torsdag 2. mai til søndag 5. mai som ein del av Folk i sentrum som skal vera i Leirvik desse dagane. Laurdag 4. mai er Sunnhordland Maraton, så fotoklubben håpar masse folk i sentrum vil få med seg utstillinga.

- Annonse -