Nysæter ungdomsskule. Skisse: Herre arkitekter
- Annonse -

Frivilligheit, gode møteplassar og nye Nysæter ungdomsskule blir tema når Sagvåg forum inviterer til folkemøte på Sagvåg skule førstkomande onsdag.

– Kommunen går snart i gong med bygginga av ein flott ungdomsskule på Nysæter. Basert på dei siste tilbakemeldingane ligg forholda ligg då godt til rette for at bydelen i tillegg kan få møteplassen som har vore etterlyst i lengre tid, skriv Guro Betten, som er leiar i Sagvåg forum.

Leiar i Sagvåg forum, Guro Betten. Foto: Stord Venstre

Organisasjonen har teke intiativ til eit folkemøte i Sagvåg, kort tid før planane for ungdomsskulen vert endeleg vedteke av politikarane i juni.

Hovudfokus i møtet blir korleis ein kan samarbeide om å gjere ungdomsskulen til ein best mogleg møtestad.

– Me håpar difor at innbyggjarar, lag- og organisasjonar, næringsliv, politikarar og representantar frå kommunen kjem på møtet, slik at me saman kan drøfte korleis me får ein skule, eit aktivitetshus og ein møteplass som heile kommunen kvan vere stolt av.

Vidare har me mellom anna invitert Roald Bruun-Hansen til å fortelje om tankane bak ‘Arena Nord’ i Åsane, eit idrettsanlegg som kjem til å bli det største i Noreg, tilrettelagt for meir enn 15 idrettar.
Fest i Vest vil fortelje om korleis dei er avhengige av frivillige, lag og organisasjonar når dei skapar folkefest i Sagvåg.
Deltakarane vil og få høyre status på Nysæter-prosjektet, og innspel frå mellom anna IL Solid og hallkomiteen.
– Me legg opp til positivt folkemøte, som eit første steg på vegen mot å få fylt Nysæter Ungdomsskule med mykje godt innhald, både før og etter skuletid, seier Betten.

Møtet vil bli halde frå kl. 18 til 20.30 onsdag kveld.

- Annonse -

- Annonse -
Forrige artikkelStraks tid for ny sesong med sommarles på biblioteket
Neste artikkelTrå sesongstart for Ingve André Strand
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no