- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Laurdag er det for andre gong klart for «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Pressemelding:

Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Sveio kulturskule stiller denne dagen med eit utval av sine mest talentfulle elevar, som vil syte for ei variert og flott kulturell oppleving.

Framsyninga er ei satellittutgåve av «De unges festspilldag» under festspela i Bergen, og vert gjennomført i samarbeid med Festspela.

Kulturskulane i Sunnhordland har eit breitt og godt tilbod, og denne dagen får publikum moglegheiten til å sjå og høyre noko av breidda i kulturskulane sine tilbod. I framsyninga skal mellom anna pianistar, songarar, treblåsarar, dansarar, dramaelevar, band og korps i aksjon. Dette vert med andre ord ei førestilling med stor variasjon, som byr på noko for einkvar smak.

- Annonse -

Fyrste gongen dette var gjennomført i Sunnhordland var våren 2016, og med bakgrunn i verdien av regionalt samarbeid, har kulturskulane vedteke ein intensjonsplan om å gjennomføre denne framsyninga annakvart år.

- Annonse -
- Annonse -

Førre framsyning vart ei flott oppleving, og kulturskulane i Sunnhordland med sitt store utval av flinke elevar garanterer for ei strålande framsyning også i år.

– Me vonar folk i Sunnhordland vil støtte opp om elevane og kulturskulane, og tek turen til Stord kulturhus laurdag 26. mai, slik at me saman kan skape ei ekte festspelframsyning lokalt i regionen vår, skriv kulturskulane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -