Johan Sverdrup-plattforma er klar til levering. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kværner skipar til «Sverdrup Søndag» 17. februar.

Gigantprosjektet Johan Sverdrup som ragar på Kjøtteinen er snart klar til levering. Prosjektet har vore eit tett samspel mellom Leirvik AS og Kværner.

No inviterer Equinor, Kværner, KBR og Leirvik lokalsamfunnet og alle andre til å sjå innsida av Norges største bustadplattform, og det som er hjernen for det gigantiske Johan Sverdrup-feltet.

– Det blir boller og kakao, Vil vite-eksperiment, Knutsen og Ludvigsen-show, virtuell kran-køyring og «Kahoot-konkurranse» for skuleklassar, skriv Kværner.

- Annonse -

Den virtuelle krankøyringa vil føregå slik at ein kan styre kranen «Storen» ved hjelp av VR-teknologi.

Alle ungdomsskulane i Sunnhordland blir spesielt invitert til «Kahoot»-konkurransen, som vil bli leia av NRK-programleiaren Markus Bailey. Vinnaren av konkurransen får 10.000 kroner til klassekassa.

- Annonse -