Foto: Magne Langåker
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Operatøren Statoil vil bruke 19,8 milliardar kroner på å forlenge levetida til Njord og Hyme og kople til det nye feltet Bauge i Norskehavet.

Det går fram av planen for utbygging og drift (PUD) som olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) tok i mot måndag, melder Sysla.

Prosjektet vil doble levetida til Njord-feltet som starta opp produksjonen i 1997. Statoil har bestemt å ta Njord-innretningane Njord A og lagerskipet Njord Bravo til land for oppgradering. For halvanna veke sidan vart det kjend at Kværner Stord fekk kontrakten på rundt 5 milliardar kroner for å oppgradere Njord A-plattforma.

I tillegg til å forlenge levetida med 20 år på Njord-feltet, skal oppgraderinga også sørgje for at infrastrukturen på Njord handterer oljen og gassen frå Bauge-feltet (tidlegare Snilehorn) som ligg 16 kilometer frå Njord.

- Annonse -

Kontrakten for oppgradering av Njordplattformen gjekk til Kværner og Aker Solutions, og vart feira stort for ei dryg veke sidan.

– Njord Future bidreg til at me får henta ut meir ressursar, og knytta mindre felt til Njord, som Bauge og forhåpentlegvis Pil, sa olje- og energiminister Terje Søviknes til Sysla då.

- Annonse -