Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Ein annan koronapasient er skriven ut.

I helga meldte Stord sjukehus om tre innlagte pasientar med Covid-19. Så mange har sjukehuset aldri før teke i mot.

Måndag vart det kjent at ein av desse fekk intensivbehandling.

Dagen etter opplyser Helse Fonna at talet på koronapasientar på Stord sjukehus har blitt redusert til éin pasinet.

Dette skuldast at éin pasinet er skriven ut, og at pasienten som fekk intensivbehandling er overført til Haukeland universitetssjukehus.

– Intensivpasienten vart overført til Haukeland universitetssjukehus i går ettermiddag, seier kommunikasjonssjef Magne Kydland i Helse Fonna til Sunnhordland.

- Annonse -