Breivikjo har også sin dose med tang og vegetasjon som trengst å ryddast. Foto: Visit Sunnhordland
- Annonse -

Etter å ha lese saka i Stord24 om Helén Petersen som tok initiativ til dugnad for å renske opp i Sponavikjo, har også andre som bur langs ein badestrand på Stord lete seg inspirere.

– Me såg saka dykkar om rydding av stranda i Sponavikjo. Det gav oss ieit puff til å ta eit tak i Breivikjo også, opplyser leiar i Øklandsmarkjo Vel, Bodil Nesbø.

Ho opplyser at dei vil gå i gang med ryddeaksjon i den populære badestranda på Rommetveit på fredag.

– Me er eit par stykker frå velforeningar som stiller til dugnad med rive og pågangsmot førstkomande fredag klokka 11.30.

– Me håper at fleire som nyttar stranda har lyst til å vere med å hjelpe oss med å ta eit tak, opplyser Nesbø.

Styreleiar i Friluftsrådet Vest, Astrid Larsen, har tidlegare sagt til Stord24 at ho synest det er kjempepositivt at folk tek initiativ til dugnad på badestrendene. Friluftsrådet har ansvar for ryddinga på land, men ikkje i vegetasjonen i sjøen.

- Annonse -
- Annonse -