Johan Sverdrup-plattforma er utstyrt med ni livbåtar frå Palfinger Marine. Kvar livbåt har plass til 70 i kvar båt. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Industribedrifta utanfor Rosendal må gjere kraftige nedskjeringar, som følgje av eit samla underskot på over 170 millionar kroner for 2016 og 2017.

Dei tilsette i bedrifta fekk den tunge beskjeden under eit allmøte tysdag, skriv Kvinnheringen.

Beskjeden gjekk ut på at styret har bestemt at inntil 45 personar må gå. Det svarar til om lag ein fjerdesdel av den samla arbeidsstokken i Pallfinger Marine Safety.

– Det har ikkje vore noko kjekk dag for nokon, dette. Det er jo ei erkjenning at vi ikkje har vore flinke nok, og då er situasjonen som den er, seier dagleg leiar Reinhard Lund-Mikkelson i ei pressemelding.

Lund-Mikkelson, som kjem frå Stord, seier at det ikkje er sikkert at så mange som 45 kjem til å bli sagt opp.

–  Det er ikkje sikkert det blir 45, og irekna dette er også dei som sjølve har sagt opp jobbane sine etter nyttår. Derfor må vi sjå på totalen og detaljar for å finna ut kor mange dette påverkar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Han opplyser at nedskjeringane må skje allereie innan ein månads tid.

Verksemda ved Palfinger Marine Safety AS på Seimsfoss i Kvinnherad er den største eininga i divisjonen som lagar livbåtar og davitar. Denne blir dermed råka særleg hardt.

Det arbeider i dag 107 personar på Seimsfoss.

- Annonse -