- Annonse -

Leiteaksjonen etter Tom Fagerland og treskøyta FRAM står framleis utan spor etter at åtte farty, fly og helikopter deltok i søket laurdag.

Politiet og Hovedredningssentralen står framleis utan nokre sikre observasjonar av treskøyta etter at den passerte Askvoll for ti dagar sidan.

Basert på manglande tips i saka, og den lange tida sidan førre observasjon av treskøyta, er det no bestemt å innstille søket.

– No har me hatt eit stort søk i går og i førgårs. No har me bestemt at det ikkje blir sett i gang nye spesifikke søk med mindre me får ny informasjon, fortel redningsleiar Eric Willassen i Hovedredningssentralen.

– Me har søkt ganske grundig frå Askvoll til Leirvik utan å sjå nokon ting. No vil me avvente, og vil setje i gang nye søk dersom me får info som gjer at me kan peike ut meir spesifikke område

For seint

- Annonse -

Hovedredningssentralen reknar det også no som lite sannsynleg at søket vil gi nokre resultat dersom det faktisk er snakk om eit havari.

– Dette har også å gjere med tidsaspektet. Har det skjedd han noko så er det nok for seint. Håper er at han har stukke seg vekk utan å gi beskjed.

Dersom det har skjedd eit havari meiner Willassen at det er underleg at ingen har observert nokre spor etter vraket.

– Me ser på det som merkeleg at ein båt berre skal forsvinne utan å etterlate seg nokon ting. Den planlagde ruta er for det meste godt trafikkert. Det er underleg at det ikkje er blitt observert nokon ting, dersom det har vore eit havari. Så langt har me ingenting me kan knytte til båten.

Framleis interessert i tips

Politiet har ikkje fått noko nye tips etter at dei i går avgjort å gå ut med namn og bilete av den sakna.

– Sjølv om me har gått ut med namn og bilete så har ikkje det ført oss noko vidare til ei løysing. Det har kome inn nokre tips, men dette har ikkje ført oss nærare. Så etterlysinga gjeld framleis, seier Willassen.

Politiet tek i mot tips på telefon 02800.

- Annonse -