Hege Økland er dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech. Foto: NCE Maritime CleanTech
- Annonse -

Stord-klynga NCE Maritime CleanTech inngår samarbeid med banken om utvikling av hydrogen i skipsfarten.

NCE Maritime CleanTech set no i gang arbeidet med å etablera ei grøn verdikjede for hydrogen i Noreg, skriv selskapet sjølv i ei melding.

– Målet er å fjerne barrierar, finne norske produsentar og bidra til utviklinga av infrastruktur slik at hydrogen blir kommersielt tilgjengeleg for skipsfarten i løpet av 2022.

Vil løfte verksemdene i regionen

Sparebanken Vest bidrar med 2 millionar frå «Vestlandsutbytte» til arbeidet.

– Vestlandet kan med si vasskraft og sterke maritime kompetanse leia an i overgangen til lågutsleppsamfunnet. Ved å bidra til oppbygginga av ein infrastruktur for hydrogen i Noreg, ønskjer me å ta ei nøkkelrolle i denne overgangen og dermed løfta verksemdene i regionen vår ytterlegare, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

I Noreg er det sett i gang ei rekke utviklingsprosjekt for hydrogendrift for blant anna ferjer, cruiseskip og hurtigbåtar. Men klynga meiner det er eit problem at hydrogenen må bli frakta med tankbilar frå Europa, i staden for å bli forsynt frå Norge.

- Annonse -

– Me er difor svært glade for at Sparebanken Vest har vald å støtta dette viktige arbeidet. 

Millionar også frå fylket

Nyleg fekk NCE Maritime 2,7 millionar kroner i støtte frå Hordaland fylkeskommune til tre miljøprosjekt.

920 000 kroner går til eit prosjekt som skal redusere utsleppa frå langdistanseskip. Prosjektet har namnet “Deep sea mot lågkarbon”.

Det andre prosjektet som har fått 825 000 kroner, går på overgang frå diesel og tungolje til meir miljøvenlege drivstoff.

Det tredje prosjektet får 920 000 kroner og går på miljøvenleg energi til cruiseskip. Planen er å bygge om ledige offshorefartøy til kraftforsyningsskip for cruiseskipa som skal til norske hamnar utan landstraum.

- Annonse -