Rommetveit skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -

– Vi har ikkje mista store verdiar. Det er mest hærverk, fortel rektoren ved skulen, Britt Kristin Ladehaug.

Klokka 21.40 søndag kveld fekk politiet melding om innbrotet.

– Politiet har vore på staden og føreteke åstadsundersøking. Det er ingenting som tyder på at store verdiar er tekne, meldte Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Saka vil bli etterforska.

Måndag morgon kan rektor ved skulen, Britt Kristin Ladehaug, stadfeste at skulen ikkje saknar eigedeler av stor verdi.

– Vi har ikkje mista store verdiar og vi manglar ikkje så mykje. Det er mest hærverk, seier Ladehaug og siktar til at inntrengjarane har tilgrist skulen med melk og juice.

- Annonse -

Ifølgje rektoren har innbrotet skjedd ved at eit vindauge har blitt knust, men ho ønskjer ikkje å gi utdjupande informasjon knytt til hendinga.

– Eg vil ikkje sei så mykje utover det.

– Har innbrotet og hærverket medført nokre ulemper for skuledagen i dag?

– Det medfører alltid ulemper kvar gong vi må rydde opp i ting, svarar rektoren, som ikkje ønskjer å gå inn på detaljane kring konsekvensane.