Bakeriet Frugård blei utsett for innbrot natt til onsdag. Foto: Google maps
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det er førebels ukjend kva dei uvedkomne har fått med seg.

Då eigaren av Bakeriet Frugård skulle opne dørene onsdag, vart det oppdaga at det hadde blitt gjort eit innbrot i kafeen i løpet av natta.

– Politiet har akkurat kome fram til staden for å føreta ei åstadsundersøking. Førebels er det ikkje klart kva som er bortteke, fortel operasjonsleiar Jørand Solheim i Sørvest politidistrikt.

– Me veit heller ikkje korleis dei har kome seg inn og kva som er blitt gjort på staden.

I 14-tida opplyser politiet til Stord24 at dei framleis ikkje har fått klarheit i kva som er stelt.

– Det er bortteke noko, men me har ikkje ein full oversikt over kva som er stelt. Meldaren vil skaffe ein oversikt over kva som er vekke

- Annonse -

– Er det snakk om pengar?

– Det ønskjer eg ikkje å seie noko om no. Men viss det dreier seg om pengar er det så fall snakk om småtteri, seier operasjonsleiaren.

Politiet veit ikkje korleis gjerningspersonen(ane) har klart å kome seg inn.

- Annonse -