Innbrotet skjedde på anleggsområdet på Nattrutekaien der Fronta byggjer nytt parkeringshus.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I løpet av natta har det vore uvedkomande inne på anleggsområdet på Nattrutekaien i Leirvik sentrum.

– Nokre mobilar og ladarar er stelt, opplyser politiet.

Politiet melder vidare at ein ikkje har full oversikt over alt som er teke vekk frå området.

– Innbrotet var i samband med arbeidet med nytt parkeringshus. Litt etter klokka 7 i dag tidleg fekk me melding om at det hadde vore uvedkomande der inne i løpet av natta, opplyser operasjonsleiar Brit Randulff i Sørvest politidistrikt.

Politiet har hatt åstadsundersøking på stden.

– Førebels er det mobilar og ladarar me har fått melding om at er blitt bortteke. Det er det dei veit til no, men dette blir jo sjekka opp i litt nærmare.

- Annonse -