Foto: Sæ barnehage.
- Annonse -

Då dei tilsette kom på jobb på årets første barnehagedag oppdaga dei at ubudne gjester hadde teke seg inn.

– Det har vore innbrot der i løpet av ferien. Det er ei dør som er broten opp, og me har sendt ei patrulje til barnehagen i dag tidleg og gjort nødnvendige undersøkingar, og har oppretta sak på forholdet, seier operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit.

Politiet har så langt ikkje noko som tyder på at det er blitt stelt noko frå barnehagen.

– Me har ingen opplysningar om det har blitt stelt noko. Sånn som det såg ut i dag tidleg såg det ikkje sånn ut.

Ingenting vart teke

Dagleg leiar i Sæ barnehage, Hilde Grindevik, stadfestar at ingenting er teke.

– Dei har brote seg inn eit vindauge. Det er ikkje knust, men dei har brekt seg inn. Eit nytt vindauge er straks på plass igjen. Dei har ikkje teke nokon ting, for alarmen har løyst seg ut. Den lagar veldig mykje bråk, så dei har nok springe fortaste vegen ut igjen. Me har sjekka det me tenkte dei var ute etter.

- Annonse -

Heller ikkje barnehagestyraren har ein aning om kva tid innbrotet skal ha skjedd.

– Me har hatt stengt i heile jula, og eg var her i går ettermiddag fordi det blåste sånn. Men då gjekk eg ikkje rundt heile bygget og fekk sett om det var skjedd då.

Grindevik fortel at det er første gong sidan barnehagen starta for seks år sidan at det har vore innbrot.

– Dette har aldri skjedd hos oss før. Men me har ikkje fokusert så veldig på det, men har jo snakka med ungane som går på avdelinga der dette skjedde. Når politiet kjem er det jo spennande, men me har ikkje laga noko dramatikk ut av dette.

Stord-lensmann Roald Raunholm. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ber om tips

På nyttårsaftan melde politiet om knuste ruter hos Sunnhordland museum, som ligg kort veg frå Sæ barnehage, og at det heller ikkje her vart stelt noko. Lensmann på Stord, Roald Raunholm, fortel at dei ser dei to hendingane i samanheng.

– Ja, det er heilt naturleg at me ser dette i samanheng. Men me kan heller ikkje utelukke at det er to forskjellige gjerningspersonar.

Lensmannen ber no om tips frå nokon som har høyrt eller sett noko.

– Me er på søken etter opplysningar som kan gjere at me kjem nærare ei oppklaring. Om nokon har sett eller høyrt noko må dei ta kontakt.

- Annonse -