Foto: Stord fotball
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fotballgruppa til Stord IL blei møtt av eit knust vindauge på kiosken ved Stord stadion tysdag.

– Det har vore innbrot i kiosken i natt, skriv Stord fotball på Facebook.

Dei legg ut bilete frå innbrotet på Facebook for å få for å få tips til saka.

På biletet ser ein tydeleg at det er brukt ein stein for å knuse ruta i kiosken.

- Annonse -

– Eg har ikkje heilt kontroll på kva som var teke. Eg trur det er stort sett brus som er blitt teke. Nei, det kostar både tid og pengar å fikse opp i det. Så det er ganske så meiningslaust for nokre få kassa brus, seier Roger Matre i Stord fotball.

Stord fotball opplyser til Stord24 at den eller dei som har brote seg inn har fått med seg iallfall seks kassar brus.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -