Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Berre på eitt år har den misleghaldne gjelda til stordabuen auka med 49 prosent, i følgje tal frå inkassobyrået Lindorff.

Den nasjonale trenden er at det er færre personar med betalingsmerknader no enn året før, men at den samla gjelda til nordmenn har auka.

– Dette betyr at det no er færre enn før som har problem. Men for dei med betalingsvanskar har problema til gjengjeld blitt større, seier administrarende direktør i Lindorff Siv Hellegjerde Martinsen i ei pressemelding.

Sterk auke

At den samla gjelda til dei med betalingsvanskar har auka kan me sjå tydelege teikn til på Stord, der innbyggjarane har hatt ein dramatisk auke i inkassogjelda.

Den samla inkassogjelda til stordabuen har auka frå 103 til 154 millioner kroner berre i løpet av siste året. Det er ei auke på 49 prosent.

- Annonse -

Auke i fjor

Selskapet skriv ikkje kor mange det er på Stord som har betalingsvanskar, men i fjor opplyste selskapet at talet var aukande. Ved årsskiftet 2016/17 var det 734 personar med betalingsmerknader på Stord. Det tilsvarte  5,1 prosent av befolkninga.

- Annonse -
- Annonse -

Stord lensmannskontor har også sett ei auke i saker der folk ikkje kan gjere opp rekningane sine, og der politiet må foreta tvangsinnkrevjing. I 2016 hadde Stordpolitiet heile 2800 slike saker på bordet, noko som var ein auke på rundt 400 saker frå året før.

259.871 nordmenn er registrert med ein eller fleire betalingsanmerknadar ved utgangen av tredje kvartal i år.

- Annonse -