- Annonse -

Statsbygg, Bensinstasjonen Circle K og verkstaden Automester blir ikkje høyrt, trass i kraftige protestar mot planane om å byggje fortau gjennom næringsområdet på Vabakken.

I samband med planane om utbygging av det nye næringsområdet Vabakken Vest har politikarane sett som krav at tilhøva må betrast for dei mjuke trafikantane, og at det må byggjast fortau frå rundkøyringa langs Bjellandsvegen.

ABO Plan & Arkitektur har difor laga ein plan der ulike fortausløysingar vert omtala. Etter å ha spurt eigedomane langs vegen er det tydeleg at ingen av dei etablerte næringsaktørane vil ha fortau på sin eigedom.

Både Svein Hatlevik i Linneatunet AS og Per Harald Lunde i Sunnhordland Bil protesterer mot etablering av fortau på sørsida av vegen fordi det vil leggje beslag på parkeringsplassar på eigendomane deira.

– Kan ikkje godta fortau

Men å etablere fortauet på nordsida langs vegen hausta sterke motsegn hos mellom anna Circle K-stasjonen og Stord Bil og Dekksenter.

- Annonse -

– Me kan ikkje godta eller anbefale fortau på vår side av vegen. Me opplever tungtrafikk inn og ut frå felles avkjørsle med Circle K, og fortau på denne vegen vil skape veldig farlege situasjonar.

Bilverkstaden opplyser også at dei har fått godkjend bygging av eit tilbygg til bilverkstaden som vil kome i konflikt med arealet der fortauet er tenkt. I tillegg opplyser bilverkstaden at dei har gravd ned ein oljeutskiljar der fortau er planlagt.

Politiet er skeptisk

Verkstaden anbefaler i staden innkøyring ved Tveita-krysset til Vabakkjen Vest, men ABO Plan & Arkitektur skriv i ein kommentar at dette ikkje er aktuelt.

Heller ikkje Statsbygg, som eig nybygget der Politiet og Statens Vegvesen held til, er positiv til fortau langs deira eigedom.

– Dette blir krevjande for bruken av eigedomen, mellom anna når det gjeld å oppretthalde naudsynte parkeringsplassar. Politiet har utrykkingar som vil krysse fotgjengararealet, og det vert vist til utfordringar med store køyrety som vil krysse fortauet i samband med vektkontroll på naboeigedomen, skriv Statsbygg.

Fortau på nordsida best

Trass i protestane meiner ABO Plan & Arkitektur at fortau på nordsida er den beste løysinga.

– Lokalisering på sørsida av vegen kan vere ei betre løysing for fotgjengarar, også med tanke på at Rema 1000 genererer mykje av gåtrafikken. Men ei slik løysing vil medføre andre ulemper, som redusert parkering for næringsdrivande på sørsida. Ein har difor likevel valt å fremje fortau langs nordsida av vegen.

Dei meiner trafikkfaren som vert påpeika frå bedriftane nord for vegen er overdriven.

– Lang rettstrekning og god sikt langs fortauet gjer faren for ulukker liten, og for fotgjengarar vil det uansett vere betre med fortau enn dagens situasjon med utflytande køyrebane.

Det er byggesaksavdelinga i kommunen som skal ta stilling til planen, før politikarane i Forvaltningsstyret skal gi endeleg godkjenning.

I dette området vil det nye næringsområdet Vabakken Vest bli etablert. Men først må fortau på plass. Foto: ABO