Foto: Skandinavisk Tivolipark
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Verken Lunds tivoli og Cirkus Agora har lagt inn Stord på årets turnéliste grunna manglande plass.

I mange, mange år har det vore ein årleg tradisjon at Stord får besøk av både sirkus og tivoli. Men i år ser det mørkt ut.

Årsaka er at det ikkje er plass å oppdrive. Dei to plassane som har vore tilgjengelege på Heiane er blitt utbygd. På plassen bak Bohus er det kome eit nytt næringsbygg der Rusta og Thansen held til, og ved på plassen ved Biltema er FK-butikken i ferd med å føre opp eit nytt bygg.

Har ikkje funne plass

Dagleg leiar i Lunds Tivol, Aasmund Lund, har vore rundt på Stord og kikka etter plass, utan hell.

– Me har vore rundt og sett etter plass på Stord, men me har rett og slett ikkje funne noko. Plassen der me har vore i mange år er vekke, fortel Lund.

No vil dei gjere eit siste forsøk ved å spørje Stord kommune om råd, før dei bestem seg endeleg for å blåse av Stord som stoppestad i år.

- Annonse -
- Annonse -

– Det skal ikkje vere lett. Det er synd, for det er viktig for desse stadane som ligg utanfor dei største byane at dei får moglegheit til å vere med på desse aktivitetane. Det er ikkje mange igjen som reiser rundt med sirkus og tivoli i dag.

Sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal i Cirkus Agora.

– No har me eit problem

Sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal i Cirkus Agora stadfestar at dei har tilsvarande utfordring som Lunds tivoli.

– Det er ei utfordring å finne stadar å vere rundt om kring. Me var på Heiane i fjor, og der blei me veldig godt tekne i mot. Det er ikkje tvil om at stordabuen vil ha sirkus. Men når plassen ved nye Biltema ikkje lenger er tilgjengeleg så har me jo eit problem.

Han meiner det er synd at kommunane ikkje tilrettelegg meir for å tilby ledige areal.

– Det er jo me som får svi når ein finn på ein idé og bygger ut. Det er jo kulturen og dei omreisande dette går ut over. På Hønefoss blei det rabalder og publikum etterlyste ein sirkusplass då kommunen bygde ut tomta me hadde pleidd å vere på, seier Smørdal.

- Annonse -
Magne Jostein Mikkelson. Foto: Fronta

– Det blir heilt feil at me går i heilt i gløymeboka og at me må stå over Stord i nokre år.

Knapt med plass

Magne Jostein Mikkelson i Fronta kjenner ikkje til noko ledig tomt som kunne passa til sirkus og tivoli.

– Dette var eit godt spørsmål, og noko eg ikkje har tenkt på før. Eg trur nok det er knapt med plass.

– Ved Biltema grev me jo for fullt, og det er heller ikkje plass på sørsida av Wärtsilä-bygget, for der held me på å føre opp eit nytt bygg for Brødrene Dahl.

Kommunen har ingen plan

Kommunalsjef med ansvar for mellom anna kultur i Stord kommune, Lovise Vestbøstad, kjenner heller ikkje til areal som kommunen kan stille til disposisjon.

– Eg har høyrt om denne problemstillinga tidlegare. Men me har ikkje ein definert strategi på dette. Me har ikkje sett av areal i kommuneplanen eller andre planar til slike føremål.

Ho meiner likevel at ein burde få til ei løysing på problemet.

– Me har jo store areal som ikkje er blitt utbygd i denne kommunen. Det handlar jo mykje om eigarstrukturar og kostnadar på leige. Men me er innstilt på å gjere grep når dette er naudsynt, for å finne løysingar på større arrangement.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -