Gruppeleiarane i koalisjonspartia på Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Koalisjonspartia seier dei har ein klar målesetnad om å bygge 25-metersbasseng på Nysæter. Men berre viss kostnaden for kommunen ikkje vert «særskild høgare».

Torsdag sendte politikarane i dei styrande partia på Stord, beståande av Ap, Sp, KrF og SV, ut ei pressemelding som blei motteke med stor jubel.

Partia varsla i meldinga at dei ville sikre at anbodspapira for den nye ungdomsskulen inneheld opsjonar på bygging av 25-meterbasseng og klatrehall.

Dette kjem kort tid etter at rådmannen la fram forslaget sitt om å gå for halvparten så stort bassseng og å nedskalere klatrehallen til en «buldrekafé».

– Me er samde i brukargruppene sine innspel om at eit 25 meters basseng er langt meir framtidsretta og tenleg enn det 12,5 meters bassenget som per no ligg i prosjektet, og vil difor be om ein opsjon på at bassenget vert bygd i tråd med innspela, seier varaordførar Jakob Bjelland (Sp).

– Samstundes er det eit mål for oss at skulen, kultur og idrettsdelen skal verta eit samlingspunkt for heile bygda. Då vil også ein eigen klatrehall i staden for buldreveggen som no ligg inne vera eit viktig tilskot til anlegget, seier Torbjørn Brosvik (Krf).

Vilkåret om at det ikkje vert «særskild dyrare»

- Annonse -
- Annonse -

Mange jubla på torsdag etter nyhenda om at dei styrande politikarane på Stord seier ja til 25-metersbasseng på Nysæter ungdomsskule. Men det er ingen av partia som har lova noko basseng.

I pressemeldinga skriv partia at dei har ei målsetnad om at bassenget og klatrehallen skal verta realiserte. Men dei tek eit atterhald om at «ein er avhengig at 25 meters basseng og klatrehall ikkje vil gjera netto kostnad for kommunen særskilt høgare etter at auka tilskot og andre bidrag er trekte frå, slik idrettslaget Solid og andre har argumentert for.»

Det er dermed ingen konkrete lovnadar om at 25-meterbassenget og klatrehallen vert bygd.

- Annonse -

Forsiktig optimist

Leiar i IL Solid, Karl Olav Gravdal tillet eg likevel til å vise ein forsiktig entusiasme over utspelet. Iallfall når det gjeld bassenget, som han har sterk tru på at kan realiserast utan ekstra kostnadar frå kommunen.

–  Det viktigaste for oss no er indikasjonane om at opsjonane vert lagt til med ei klar målsetting om at dei vert realiserte, seier Gravdal til Stord24.

Karl Olav Gravdal er leiar i IL Solid. Foto: privat

Men Gravdal legg likevel ikkje skjul på at han er skeptisk til om klatrehallen kan realisert utan ektrakostnadar for kommunen.

– For bassenget sin del så er me framleis overbevist om at dette kan løysast utan at prisen går opp, så er me framleis spente på korleis klatrehallen vil bli løyst, då denne er teikna heilt ut av det reviderte prosjektet. Det er nok fleire gode måtar dette kan gjerast på, så her er me forsiktig optimistar.

– Kan tenke på realisering

Han meiner dei positive politiske signala kan vere eit vendepunkt i måten ein jobbar for å få realisert idrettsanlegga.

– I staden for å kjempe for at desse aktivitetsflatene skal realiserast føler me no me saman kan tenkje på korleis dei kan realiserast. No har me heldigvis indikasjonar på at me kan få dette innfridd.

Gravdal har ein forventning om at eit 25-metersbasseng vert teikna inn før prosjektet skal bli vedteke i kommunestyret i juni.

– Administrasjonen no fått indikasjonar frå politikarane om at dei ønskjer å få pris på eit 25 meters basseng, så då reknar eg med me vil sjå teikningar på dette i løpet av dei neste vekene. Arkitektane har allereie stipla opp plasseringa av eit utvida basseng, så dei har nok nokre tankar allereie., seier Solid-leiaren.

- Annonse -