Kåre Conradi og Majken Christiansen er solistar når Sjøforsvarets musikkorps skal spele konsert i Stord kulturhus fredag kveld.
- Annonse -

Sjøforsvarets musikkorps med Kåre Conradi

Fredag kveld er det julemusikk i toppklasse når Sjøforsvarets musikkorps intevererer til Swinging Christmas i kulturhuset. Musikkorpset har sidan 2011 invitert til Julevorspiel i Grieghallen, som ei svingande musikalsk innleiing til jula og juleborda. I år vert arrangementet i Bergen flytta til Peer Gynt-salen i Grieghallen og dreg deretter på turné til Stavanger og Stord.

Forutan norsk og internasjonal julemusikk svingar korpset opp med gode, kjente og fengande låtar som gir fart, energi og inspirasjon til juleførebuingane. I år har korpset fått med seg to dei kjende solistane, Kåre Conradi og Majken Christiansen.

Konserten startar klokka 19.

Julekonsert med Helene Bøksle

- Annonse -

Den kjende sangerinna Helene Bøksle ringar jula inn i Stord kyrkje fredag kveld. Konsertstart er klokka 18. Dette skriv arrangøren om konserten:

Bli med og opplev en magisk førjulskonsert med Helene Bøksle! Helene er en av landets største juleartister. Hennes årlige julekonserter har fått strålende mottakelse av presse og publikum, og hennes juleplate “Det hev ei rose sprunge” er blitt en klassiker blant det norske folk. “En av landets vakreste sangstjerner” Drammens Tidende (6) “En gyllen halvannen time” Fædrelandsvennen (6) “Nesten overjordisk” Trønderavisa “Helt magisk” Sarpsborg Arbeiderblad Helene har med seg musikerne; Sindre Hotvedt (piano), Markus Lillehaug Johnsen (gitar) og Jonas Kilmork Vemøy (perkusjon/trompet) – og sammen skaper de en magisk konsertopplevelse som vil sitte i kroppen lenge etterpå.

The Foggy Five

Fredag kveld vert det irsk pubstemning på Osvald pub, då The Foggy Five frå Jæren inviterer til irsk og keltisk musikk med trøkk.

Med medlemmar frå det nå nedlagte og smått legendariske klepp-irske bandet Sinclair & The Rovers, veit The Foggy Five kva for strenger som bør trykkast på for at lokalet skal få hælmerke i taket, skriv arrangøren. Konsertstart er klokka 22.

Bite på Sjøhuset

Om ikkje det var nok konsertar på fredagskvelden så går også det lokale Stord-bandet Bite på scena på Sjøhuset. Bite består av Ståle Tesdal, Dag Sleen, Geir Morten Stokken og Ole Jonny Almås. Konsertstart klokka 22.30.

Øyvind Hognestad Kvartett

Laurdag ettermiddag er det klart for ein ny runde med Stord Jazzklubb. Denne laurdagen er det Øyvind Hognestad Kvartett, som er ei gruppe med talentfulle ungdomar frå lokalmiljøet: Øyvind Hognestad på trompet, Øyvind Tveito Vedøy på gitar, Frode Kvandal på bass og Henrik Nesse på trommer.

Konserten skjer på Grand Hotel og startar klokka 15.

Jan Eggum på Osvald

For dei som ikkje fekk med seg Jan Eggum-konserten på Osvald førre laurdag får eit nytt høve denne helga.

Laurdag ettermiddag klokka 16 inviterer Jensen & Olsens viseklubb til den andre av to konsertar med visekongen Jan Eggum frå Bergen. Viseklubben skriv: Desse konsertane brukar å vera svært populære. Få med deg ein fin dagkonsert på Osvald pub med songar frå den rikhaldige katalogen til landets største viseartist.

Bok & Bolle

Laurdag føremiddag blir det juleversjon av arrangementet Bok & Bolle på Stord folkebibliotek. Det vert to opplesingar denne laurdagen: kl.12.00 og 13.00. Begge har same innhald. Her vil barna oppleva ein lesestund samt at dei får ei bolle i handa. Høgtlesinga er retta mot barn frå 3 til 7 år.

Jul med Lubbenissane

Laurdag og søndag blir det eit gjensyn med den lokale førestillinga Jul med Lubbenissane i Ungdomshallen i Øvre Borggata. Framsyningane startar klokka 16 både laurdag og søndag. Billettar vert å få kjøpt hos Stord kulturhus, og kostar 150 kroner. Framsyninga høver for alle frå 5 år og oppover. Dette skriv arrangøren om førestillinga:

I lubbefabrikken to rette og to ronge e nettene korte og dagane longe. Den beste julepresangen i heile verda skal strikkast av dei travle Lubbenissane. Aldri har dei fått så mykje bestillingar som i år. Men produksjonen stoppar heilt opp om dei ikkje syng, dansar, les dikt og har da kjekt i lag. Og er dei så heldige at dei får seg ein liten krakkakos midt i produksjonen, ja då e dagen perfekt.

Har me gløymt noko? Send ein mail til redaksjonen@stord24.no!