Leiaren i Stord idrettsråd, Øvind Kyvik (øvst) og Leif Ottar Heimro frå IL Solid er kritisk til at ikkje idretten får velje ut arkitekt til ungdomsskulen og fleirbrukshallen i Nysæter. Foto: Camilla Aadland/Worldskills/Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me ser med bekymring på at det er ingen frå idretten representert i juryen, seier leiaren i Stord idrettsråd, Øyvind Kyvik.

Førre veke gjekk fristen ut for arkitektkonkurransen for nye Nysæter ungdomsskule med tilhøyrande fleirbrukshall.

Stord kommune har sett ned ein jury på seks medlemmer som denne veka skal opne forslaga som er komne inn frå arkitektane. Men i juryen er det ingen frå idretten som er representert. Dette er idrettsmiljøet kritisk til.

– Eg sit jo i prosjektgruppa, og eg fekk beskjed om at eg skulle sitje i juryen. Så finn dei på at dei skal spare litt pengar, og tok meg ut. Eg er ikkje spesielt begeistra for dette, seier leiar Leif Ottar Heimro frå IL Solid som sit i hallkomiteen.

Mister ein dimensjon

Han meiner juryen går glipp av viktig idrettsfagleg kompetanse når dei skal velje ut det beste arkitektforslaget.

- Annonse -

– Dei mister ein dimensjon når dei ikkje har med oss i juryen. Det er jo utruleg viktig at det er nokon med kompetanse på idrett som også er med for å ivareta idretten sine synspunkt. Dei mister ein dimensjon når dei ikkje har med oss frivillige.

Heimro får støtte frå leiaren av Stord idrettsråd, Øyvind Kyvik.

– Idrettsrådet ser med bekymring på at det er ingen frå idretten representert i juryen. Me meiner at sunn fornuft ville tilseie at ein tek med nokon ein veit har idrettskompetanse, for å sørgje for at viktige element frå idretten blir teke omsyn til i ei utveljing av kva arkitekt ein vil gå for, seier Kyvik.

– For å unngå negative konsekvensar burde ein her vore på forskot og ta med den delen i utveljinga.

Vil spare 150.000 kroner

Prosjektleiar for utbygginga av Nysæter ungdomsskule, Kjell Nesbø, seier at årsaka til at ikkje representantar frå idretten er tekne med i juryen er reint økonomisk.

– Det er veldig strenge reglar for samansettinga av ein slik jury. Har me ein jury på seks medlemmar må det vere to eksterne sivilarkitektar med. Me hadde lagt opp til ni medlemmar, men då måtte me ha tre sivilarkitektar til 150.000 per stykk. Då kom me fram til at dette blei for dyrt.

Prosjektleiaren viser til at det viktigaste i utbygginga er ungdomsskulen, og at det difor er naturleg at det er representantar frå skulen som er representerte i juryen.

– Det er ikkje hallen som har hovudfokus. Det er skulen som er det store prosjektet her, og dei har fått med både rektor og skulefagleg rådgjevar i juryen. Så har politikarane sagt at dei vil ha eitt politisk medlem, Marita Vassnes, inn i gruppa.

Sentralstyrt

Nesbø understreker at idretten skal få sjå planane og gi uttale sjølv om dei ikkje sit i den formelle juryen.

– Ein skal sjølvsagt få full informasjon og kunne gi ei uttale. Ein treng heller ikkje så mykje idrettsfagleg kompetanse for å seie noko om arkitekten til ein idrettshall.

– Det er så mykje som er styrt av sentrale regelverk, som til dømes tal på garderobar og utforming av styrkerom. Det som er viktig er å få eit totalt opplegg der hall og skule glir inn i kvarandre, seier Nesbø.

Politikarane har vedteke at hallen skal innehalde ein tradisjonell fleirbrukshall, basishall (turnhall), eit styrketreningsrom og ein klatrevegg. I tillegg vert det utandørs kunstgrasbane.

 

- Annonse -