Stord vidaregåande skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Formannskapet meinte Stord kommune ikkje kan ta seg råd til å prioritere overtaking av Stord vidaregåande sitt bygg på Saghaugen.

– Går me inn for dette vil det praktisk seie at me omprioriterer heile skulebruksplanen. Då vil me måtta investere her før me investerer på Langeland. Det meiner me i Senterpartiet at me ikkje er klare for. Me må ha ei løysing i Langeland-krinsen først. Samtidig veit framleis ikkje kva me vil lande på med Nysæter ungdomsskule, sa varaordførar Jakob Bjelland (Sp).

Det fekk Bjelland brei oppslutnad for i formannskapet torsdag. Politikarane vedtok å ikkje følgje opp samtalane om kjøp av Stord vidaregåande skule på Saghaugen, til bruk for ny Leirvik skule.

Bakgrunnen er at Hordaland fylkeskommune skal bygge nytt på Vabakken, men i utgangspunktet berre for yrkesskule-delen.

Med stor kostnadsauke for Nysæter ungdomsskule og uvisse kring framtida til Langeland skule var det semje blant alle partia om at det var feil å gå for kjøpet

– Alle kan sjå at dette kunne vore ei god løysing. Men me har ein langtidsplan, og det er vanskeleg å gå inn på dette når me har så mange prosjekt på ein gong. Me har ikkje pengar. Me har så mange ballar i lufta, og risikerer å ende opp med at alle blir misnøgd, sa Sigbjørn Framnes (Frp).

- Annonse -
- Annonse -

– Me meiner det er positivt at saka blir teken opp, men det er for mange usikre moment i saka, sa Marit Tislevoll Odland (Ap).

- Annonse -

Men politikarane ville ikkje parkere saka for godt. Geir Angeltveit (V) meinte politikarane burde jobbe for at fylkeskommunen planlegg for eit byggetrinn to når dei no går i gang med nybygget på Vabakken.

– Me burde oppmoda fylkeskommunen på ein slik måte at dei tek eit første byggetrinn på Vabakken der dei husar det som er sett av, og viss situasjonen skulle kome opp på ny er det moglg at dei planlegg vidare utbygging på eit seinare tidspunkt.

Rådmann Magnus Mjør la ikkje skjul på at han var misnøgd med måten fylkeskommunen berekna salsprisen under drøftingane dei siste vekene.

– Eg har reservasjonar mot prisen. Ikkje berre er kostnaden for høg, men også prinsippet for prisen som fylket legg til grunn. Me tek utgangspunkt i marknadspris, men systemet som dei brukar, og som dei seier i forhandlinga, er at dei må ta utgangspunkt i teknisk verdi for å få kapital til nytt skulebygg. Det synest eg er betenkeleg. Det er strengt tatt ikkje vår oppgåve å legge kapital i bygget, sa rådmannen.

No går saka vidare til kommunestyret. Fylkeskommunen har gitt signalar på at dei ønskjer ei avklaring på saka snarast råd.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -