Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet fann til slutt mannen som hadde blødd. Han hadde skore seg og var ikkje alvorleg skada.

Laurdag ettermiddag fekk politiet tips om større mengder blod på hamna i Leirvik sentrum. Blodspor blei også observert i sentrumsnære gatestrøk.

– Då politiet kom til staden vart det funne mykje blod ved ein benk i hamna. Me følgde så etter blodspora i to kilometer, og enda opp på ei adresse, fortel operasjonsleiar Steinar Knudsen i Sørvest politidistrikt.

Bilete som Stord24 har motteke syner svært store mengder blod på og under ein benk.

Då politiet fann den blødande personen vart det klart for dei at det ikkje hadde vore kriminelle årsaker til dei store blødningane.

– Han hadde vore uheldig og skore seg, og gått heimover frå staden. Me har hatt kontakt med personen, og han er oppe og går og er under kontroll. Det var ikkje behov for noko legehjelp.

- Annonse -

Operasjonsleiaren fortel at brannvesenet har vore på staden og spylt vekk blodpølen i sentrum.

– Så store mengder blod blir jo fort veldig synleg, men det såg meir dramatisk ut enn det var.

- Annonse -