Kristina Breivik og Anne Line Innvær ved BUA Stord. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

Hos BUA på Stord kan du leige det meste du treng til utandørs opplevingar i sommar, anten du vil ta deg ein sykkeltur, spele baseball eller teste ut padlebrett på Ådlandsvatnet.

– «Skal eg ikkje betale noko?» er det mange som spør. Dei synest nærmast at tilbodet vårt er for godt til å vere sant, fordi vi har så mykje flott utstyr som alle kan få leige heilt gratis, fortel Kristina Breivik (26)

Ho er ein av dei frivillige i BUA, ein nasjonal ideell organisasjon og eit landsdekkande nettverk av utlånsordningar med eit felles mål; å bidra til betre folkehelse, færre forskjellar og lågare forbruk.

– Nokre kjem gjerne inn fordi dei har høyrt at vi har syklar, men så ser dei alt det andre vi har og vert verande i ein halvtime. Dei vert overraska når vi fortel dei at dei kan leige fleire ting samtidig. Kundane er så takksame og det er eit kjekt og meiningsfullt arbeid, fortel Breivik om den frivillige innsatsen ho har bidratt med sidan hausten 2018.

26-åringen, som til vanleg jobbar som lærar på barneskule, synest svært lite om presset mange kjenner på, både barn og vaksne, om å heile tida ha det nyaste og flottaste utstyret i vennegjengen.

– Det er eit stort press om å ha det beste. Samtidig kjem det stadig bølgjer med fokus på gjenbruk. Eg har heldigvis ikkje inntrykk av at folk vegrar seg for å leige i staden for å kjøpe utstyr. Dei som kjem hit er oppriktig interessert i å finne ut kva vi har å tilby.

- Annonse -

Og det er ikkje lite. Flytevestar, skateboard, våtdraktar og rulleskeiser er berre noko av utvalet.

– Vi har alt du treng!

BUA vart etablert på Stord i 2017 og er drifta av Stord kommune med Frivilligsentralen i spissen. I desember i fjor vart det opna ein avdeling også i Sagvåg.

– Vi har alt du treng til friluftsliv, til og med stormkjøkken. Ønskjer du å overnatte ute, finn du alt du treng her – bæremeis, telt, sekker i alle storleikar. Vi har til og med baseball-kit. Eg slit med å fortelje alt kva vi har, for det er så ekstremt mykje, ler ho.

Eit av dei nyaste tilskota i det vesle lokalet på Vikjo, er havkajakkar. Det har ho trua på at vil bli minst like populært som padlebretta, også kalla SUP («stand up paddle»).

– Dei er veldig trendy no, saman med hengekøyene, og forsvann med det same vi fekk dei inn.

Kristina Breivik ved BUA Stord har mykje å by på. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Planlegg å kjøpe oppblåsbar kano

Anne-Line Innvær har ansvaret for drifta av dei to BUA-avdelingane på Stord og fortel engasjert om tilbodet som raskt vart populært blant innbyggjarane.

– Vi håper at vi kan bidra til å skape meir aktivitet, at fleire kjem seg ut. Til BUA i Sagvåg har vi kjøpt inn vind- og vanntette klede, vintertelt- og sovepose, i håp om å få fleire ut, uansett årstid.

– Stord har så mykje å by på, både fjell, fjord og vatn, og vi skal leggje til rette for at alle skal kunne nytte seg av dei naturmoglegheitene vi har, og sleppe å kjøpe utstyr som gjerne berre vert nytta éin gong.

For dei som ikkje ønskjer å leggje ut på fot- eller sykkelturar, som ikkje vågar seg ut i ein kajakk eller som rett og slett berre vil finne på noko heime i eigen hage, har BUA alternative aktivitetsforslag.

– Etter at eg byrja her har eg blitt kjend med så mange leiker, som til dømes stigegolf og frisbeegolf. Det er aktivitetar som ikkje krevjer så mykje, og som er enkel underhaldning. Vi har mange av dei klassiske spela også, fortel Innvær.

– Vi planlegg for å ha mest mogleg variert utval for å motivere flest mogleg ut. Vi har mellom anna tenkt til å skaffe oss ein oppblåsbar kano, smilar leiaren.

Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Tilbyr rullestoltilpassa båt

Hos BUA kan ein faktisk også leige både båt og el-sykkel på tre hjul, med sitjeplass til to personar framme.

Båten er ein Pioner Multi som er tilpassa rullestolbrukarar.

– Den vert leigd ut til personar med funksjonsnedsettingar mot betaling. Båten er det einaste vi tek betalt for å leige ut grunna forsikring og vedlikehald.

Reinhald av alt BUA leiger ut, er noko dei frivillige tek på alvor, særskild i desse dagar. Kundane kan kjenne seg trygge på at utstyret dei leiger ikkje utgjer ein smitterisiko.

– Vi har tilgang til vaskemaskiner på Stord Kulturhus og alt av klede vert vaska mellom kvart utlån. Utstyret vaskar vi over med fiberkluter.

– Utstyret får også ein naturleg karantenetid fordi det går ei veke mellom innlevering og nytt utlån, poengterar Breivik.

Dei er begge samd i at jobben dei gjer, er svært givande.

– Det at kven som helst kan få leige nærmast kva som helst, betyr veldig mykje for kundane. Dei får anledning til å kome seg ut, dei kjenner på ei lette over at dei slepp å kjøpe utstyret sjølv, og dei synest det er kjekt å få snakke med hyggelege folk her, smilar Breivik.