Sjølv om det har vore flest ulukker totalt sett på strekninga Stord-Os så er det definitivt flest rasulukker på Voss-Arna. Her frå Bulken utanfor Voss. Foto: Statens Vegvese
- Annonse -

Fylkesordførar Pål Kårbø sitt argument om at Voss-Arna bør stø høgst på prioriteringslista grunna helse og tryggleik får ikkje støtte hos Vegvesenet.

Debatten har rast dei siste dagane etter at fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (Krf) sa i eit intervju med BT i helga at han meiner Hordfast bør vere sist på prioriteringslista frå Hordaland når det gjeld Nasjonal Transportplan (NTP).

Kårbø har i debattane i kjølvatnet av utspelet nytta tryggleik som eit av argumenta for at han meiner Voss-Arna skal prioriterast først på lista.

Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (Krf) foto: Hordaland fylkeskommune

– Det eg utfordrar på er at E16 veg/bane Arna-Voss er det prosjektet som utifra liv og helse bør ha høgast prioritet, skreiv Kårbø på Facebook.

På bakgrunn av dette har Stord24 fått Statens Vegvesen til å lage ei oversikt over alle ulukkene på dei to vegstrekningane dei siste ti åra. Tala syner at det på E39 mellom frå Bømlafjordtunnellen til kommunegrensa i Bergen har vore fleire ulukker dei siste ti åra, og også fleire drepne/skadde totalt sett enn på strekninga Arna-Voss på E16. Men det har vore fleire drepne og alvorleg skadd på mellom Arna og Voss.

Sjå fullstendig oversikt over tala nedst i saka.

- Annonse -

Desse tala syner kva som ofte er problemet med statistikk. Ein kan finne tal som støttar opp begge synspunkta i høve kva veg som er farlegast. Senioringeniør i Statens Vegvesen, Tor S. Høyland, meiner tala syner at det ikkje er grunnlag for å konkludere med at den eine vegen er farlegare enn den andre.

– Det er nok vanskeleg å ta ein direkte samanlikning og seie at den eine vegen er meir utsett for ulukker enn den andre. Her er det mange faktorar som speler inn, som til dømes trafikkmengd og kva type trafikk det er snakk om, seier Høyland.

Meiner begge er farlege

Høyland er likevel tydeleg på at begge strekningane er for farlege i høve dagens krav.

– Me ser jo at i løpet av ein tiårsperiode så er det svært mange som har vore skadd på begge vegane. Begge vegane har strekningar med lågare standard enn det me har som tryggleikskrav. Det gjeld i høve kryssutforming, sideterreng og møteulukker.

Likevel er tendensen den same på begge vegstrekningane som på landsbasis: talet på ulukker har falle markant dei siste åra. Dette gjeld spesielt Stord-Os, som hadde ein topp på 42 skadde i 2008, medan det i 2015 bare var seks skadde. I tillegg til at folk får stadig tryggare bilar trur Høyland dette er eit teikn på at ein har lukkast med tryggingstiltak.

– Det har vore mykje fokus frå politiet si side på prioriterte strekningar. Og på vegsida er det kome mykje meir romlefeltet i midten av vegen som viser seg å ha god effekt på møteulukke-situasjonen. I tillegg er det skilta ned frå 80 til 70 mange stader.

– Rasar ikkje på E39

Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (Krf) seier til Stord24 at statistikken ikkje syner problema med framkommelegheit når vegen er stengt.

– Realiteten er jo at det raser jo ikkje på E39. Eg er ikkje med på ein diskusjon utifrå at me prioriterer prosjekt utifrå talet på drepne. Me må også diskutere vegtrafikk. Du kan seie at når det gjeld liv, helse og framkommelegheit så hastar det mest med E16.

– Men du argumenterer med at E16 bør prioriterast grunna liv og helse?

– Eg trur du skjønar kva eg meiner. E16 er oftare stengt enn nokon av fjellovergangane. Ein må kunne erkjenne at den vegen er i ein heilt annan situasjon.

 

Ulukker på strekninga Arna-Voss dei siste 10 åra:

Ulukker på strekninga Stord-Os dei siste 10 åra:

 

- Annonse -
Forrige artikkelKjent skuldig for dødsvaldsaka i Gulating lagmannsrett
Neste artikkelBedriftsleiarar på Vestlandet ser positivt på framtida
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no