Kommunalsjef Mariann Hilt, kommunelege Lars Helge Sørheim, ordførar Gaute S. Epland (Ap) og kommunalsjef Knut J. Gram utgjer kriseleiinga i kommunen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Færre testar seg for Covid-19 på Stord. Kriseleiinga i kommunen ber likevel innbyggjarane vere obs på den aukande smitta i landet.

Det melder kriseleiinga i ei pressemelding fredag føremiddag.

– Stord kommune har ikkje innført særskilde lokale smitteverntiltak, men følgjer dei sentrale retningslinjene og råda. Det verkar som at folk i stordsamfunnet tilpassar seg desse i det daglege, skriv kommunen.

Hittil er det teke over 9.100 testar i Stord kommune, men det har ikkje vore registrert smitte sidan 29. januar.

I det siste har pågangen ved testsenteret avteke.

– Dei siste vekene har det vore ein tendens til at færre testar seg. Det er aukande smitte i landet og me vil minna om at folk må testa seg om dei har symptom på smitte eller har vore på reis i område med høgt smittetrykk.

- Annonse -
Kommunelege i Stord kommune, Lars Helge Sørheim. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ingen særskilde vinterferie-råd

I høve til vinterferie og fritidsreiser knytt til denne, har nokre kommunar oppmoda innbyggjarar om å teste seg når dei kjem heim.

Ein slik generell oppmoding har ikkje kriseleiinga på Stord gått ut med. Ifølgje smittevernlege i Stord kommune, Lars Helge Sørheim, gjeld oppmodinga om testing berre etter opphald i område med «kjent, sterkt smittetrykk»

– Det er det som er rådet. Det vert ikkje noko rutinetesting sjølv om ein har vore på vinterferie, seier han til Stord24.

Vaksineringa går si gang

Kriseleiinga melder for øvrig at vaksineringa i kommunen går greitt slik tilgangen på vaksiner er no.

– I veke ni har det vore vaksine til helsepersonell som er prioritert, men i veke ti og elleve kjem det meir som skal gå til innbyggjarane. Det vert elles vist til eigen informasjon om dette og annonse i lokalavisa over helga, skriv kommunen.

– Det er varsla nye tiltak som følgje av auka smitte i landet. Me oppmodar alle om å halda seg oppdatert på desse.