Kurt Grundvold i Sunnhordland trafikkopplæring fortel om ulukka han var involvert i. Foto: privat/Sunnhordland trafikkopplæring
- Annonse -

Det var køyrelærar Kurt Grundvold i Sunnhordland trafikkopplæring som køyrde saman med ein elev i bilen som hamna på taket i Sveio måndag.

Måndag ettermiddag blei E39 i ein periode stengt etter at ein trafikkskulebil køyrde ut av vegen ved Bråtveit i Sveio, og hamna på taket.

No har køyrelæraren, Kurt Grundvold frå Stord, publisert eit innlegg på Facebook-profilen sin, der han gjer greie for at det var han som førte bilen.

– Ikkje alle dagar går som planlagt, noko eg erfarte på måndag. Så til alle de som lurer og ikkje vågar å spørje: Ja, det var eg som satt på sida av eleven då me hamna utanfor vegen på måndag, skriv Grundvold.

Køyrelæraren, som jobbar for Sunnhordland trafikkopplæring på Stord, understreker at både han og eleven kom uskadde frå hendinga.

– Det gjekk heldigvis fint og korkje elev eller lærar blei skada på nokon måte.

- Annonse -
- Annonse -

Trafikklæraren seier til Stord24 at både lærar og elev er i godt mot etter ulukka. Under Facebook-innlegget er det kome ei lang rekkje støtteerklæringar frå folk.

Ei kvinne skriv:

- Annonse -

Eg e bare så glad for at da gjekk bra med dåke begge. Det er då ein får seg til å tenke – det er litt av eit ansvar dåke har i kvardagen.

Ein mann skriv:

Det skjer fort når det først skjer. Godt å høyra at det gjekk bra! Materielle skader toler me. Det høyrer av og til med i gamet når ein lærer seg noko nytt. Ein lærer kanskje aller best når ting går gale, for å sjå det positive i det når det ellers gjekk så bra 

God morgen – det er en fin morgen og får håpe dagen blir like fin ???? Men ikke alle dager går som planlagt noe som eg…

Publisert av Kurt Grundvold Onsdag 29. august 2018

- Annonse -