Sverre Olav Svarstad (H) reagerer på den hyppige stenginga av Bømlafjordstunnelen. Foto: Statens Vegvesen/Høgre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Høgre-politikar Sverre Olav Svarstad reagerer på at det tek såpass lang tid å rydde opp i Bømlafjordtunnelen når det skjer ei hending.

Statens Vegvesen har fått kritikk frå fleire hald etter hyppige stengningar av Bømlafjordtunnelen.

Ofte har entreprenør blitt tilkalt frå Haugesund for å rydde ut av tunnelen, noko som gjer at det oppstår lange køar av bilistar som ikkje kjem seg til eller frå Stord. Svarstad meiner situasjonen er uakseptabel.

– Det er ikkje akseptabelt at «livsnerva» til Stord skal vere stengt i ein time og kanskje lenger fordi ein må vente på personell som skal rydde opp.

Svarstad trekkjer fram ei hending i starten av april i år, då tunnelen vart stengt i fleire timar etter at isopor og gips hadde ramla av ein bil. Stenginga førte til lange køar, som medførte at nokon valde å bryte ut av køen.

- Annonse -

– Det medførte trafikkulukke, og truleg også at fleire ikkje nådde avtalar, som timeavtalar på sjukehus, hos helsespesialistar og kanskje flyavgangar, skriv Svarstad.

- Annonse -
- Annonse -

Han ber no Stord kommune ta eit initiativ til å drøfte saka med Statens Vegvesen.

– Det må vere mogleg å finne fram til aktørar som har langt kortare responstid slik at ventetida og tida der tunellen er stengt kan verta redusert monaleg.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -