Øyvind Kyvik stiller seg positiv til biogassanlegg på Eldøyane. Foto: Camilla Aadland/Sysla
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Leiaren i Stord idrettsråd, Øyvind Kyvik, meiner det er svært uheldig at Nysæter ungdomsskule ligg an til å bli forsinka med eit halvt år grunna ei misforståing.

Grunna feiltolking av det politiske vedtaket, har ikkje prosjektgruppa for den nye skulen bestilt ein basishall i forprosjektet som arkitektane skal lage.

Dermed ligg det an til at heile prosjektet blir utsett med eit halvt år. Øyvind Kyvik i Stord idrettsråd er sterkt kritisk til utsetjinga.

– Eg kan ikkje skjøne at prosjektet må utsetjast berre på grunn av dette. Det er veldig uheldig at prosjektleiar og prosjektgruppa ikkje ser at det er fullt mogleg å ferdigstille prosjektet til avtalt tid, så kan heller resten kome litt seinare. Det er mykje som ikkje er heilt sånn som det skal vere i dette prosjektet.

– Du kan jo tenkje deg om me i Kværner skulle utsetje eit heilt prosjekt på grunn av noko som dette, seier Kyvik, som også er i ferd med å bli Stord Høgre sin ordførarkandidat.

– Informasjon ekstremt viktig

I følgje ordførar Gaute Epland (Ap) er årsaka til misforståinga ein upresis ordlyd i eit politisk vedtak.

- Annonse -

– Eg tenkjer at dette viser at informasjon er ekstremt viktig. Her må ein gi klar beskjed om å halde fram med prosjektet som vanleg, og at dette er noko ein må klare å få til. Det går fint å ta avgjersler i fleire steg, seier Kyvik.

I følgje dei nye kostnadsoverslaga vil basishall og symjehall på Nysæter ha ein samla kostnad på 64 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til dei 207 millionane som resten av skuleprosjektet er estimert til å koste.

– Heilt uaktuelt

Kyvik åtvarar mot å redusere på dei planlagde idrettsanlegga i bydelen på grunn av dei auka kostnadane.

– Me kan ikkje ha det sånn at me skal miste både basishall og symjehall i Sagvåg, og berre sitje att med ein gymsal. Det er heilt uaktuelt frå idrettsrådet si side. Det er svært uheldig om dei set frivilligheita opp mot skulen.

– Kva bør ein gjere med bassenga i kommunen?

– Me må tenkje heilskapleg. Men for å klare det må kommunen ta med folk frå idretten, ikkje minst frå svømmegruppa, for å vurdere kva ein bør gjere som er til det beste for innbyggjarane i både Leirvik og Sagvåg.

- Annonse -