- Annonse -

Rådmannen snur, og lar representantar frå idretten likevel få vere med i juryen for arkitektkonkurransen for Nysæter ungdomskule og den nye fleirbrukshallen.

I går skreiv Stord24 at Stord kommune har fjerna representanten frå IL Solid frå juryen som skal velje ut vinnaren av arkitektkonkurransen til den nye ungdomsskulen og fleirbrukshallen på Nysæter.

Etter å ha lese saka sende Sverre Olav Svarstad (H) spørsmål til ordføraren for å få ei forklaring. Svaret kom allereie i dagens møte i formannskapet.

– Personleg tenkjer eg at det er naturleg å ha med idretten sin representant. Dette har nok gått litt under radaren. Her bør det vere mogleg å få til ein rokkade, svarte Gaute Epland.

Sigbjørn Framnes (Frp) meiner fjerninga av idrettsrepresentanten ikkje er i samsvar med bestillinga om at idretten skulle vere involvert i heile prosessen.

– Dette var litt av redselen me hadde då dette blei ei sak som skulle ligge under oppvekst- og utdanningskomiteen. Hallen er viktig for Sagvåg, og det er viktig at det ikkje berre blir eit biprodukt av skulen. Eg oppfattar bestillinga veldig tydeleg på at idretten skulle vere med i heile prosessen, og då er arkitektkonkurransen ein viktig milestein.

- Annonse -

Formannskapet blei samde om å be rådmannen ta idrettsrepresentanten inn igjen i juryen.

– Dette får me til, sa rådmannen.