Politikaren vert i desse dagar framstilt for Bergen tingrett. Foto: Bosc d'Anjou, Flickr CC BY 2.0
- Annonse -

Politiet ber folk med relevant informasjon ta kontakt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden 

Vest politidistrikt tok i byrjinga av juli imot ein melding frå Norges Fotballforbund (NFF) mot ein av deira dommarar, ein mann i slutten av 20-årene busett i Bergen.

– Vi har òg tatt imot ei melding frå ein av dei fornærma. Basert på desse opplysingane bestemte politiet å arrestera vedkommande 8. juli 2019 og vidare for å varetektsfengsle han, opplyser politiet i ei pressemelding.

Han sit framleis i varetekt.

Mannen er sikta for seksuell omgang med born under 16 år, seksuelt krenkande åtferd, i tillegg framstilling av seksuelle overgrep og bilete som seksualiserer born og unge. Vi etterforskar samtidig om han har utnytta sin posisjon som dommar for å oppnå seksuell omgang. Dette er også aktuelt for personar over den seksuell lågalder (16 år).

- Annonse -

Sikta har dømd kampar for Norges Fotballforbund og Norges Håndballforbund (NHF) der born og unge har spelt.

Gjennom sitt dommarverv har sikta kome i kontakt med unge spelarar og unge dommarar. I tillegg har han hatt oppfølging av unge dommarar innan fotball.

Politiet har avhøyrd ei rekke personar og vil halde fram med dette i tida framover.

– Parallelt med dette jobbar vi med gjennomgang av elektroniske spor, som til dømes bilete og chatteloggar på mobiltelefonar og datamaskiner.

Fleire gutar

Politiet har per dags dato identifisert fleire fornærma og jobbar med å kartlegge om det kan vere fleire.

Dei fornærma som politiet foreløpig kjenner til er utelukkande gutar.

– Av omsyn til etterforskinga kan vi ikkje seie noko om tal på fornærma på noverande tidspunkt, men vi kan seie at dei fornærma var i tenåra då forholdet skjedde.

– Saka er framleis i ein innleiande fase. Av omsyn til etterforskinga og dei fornerma i saka kan vi ikkje gi noko fleire detaljar om sjølve saka på noverande tidspunkt. Det vi kan seie er at sikta er avhøyrd av politiet fleire gongar og er samarbeidsvillig. Forsvarar til sikta er Bertil Rønnestad.

Informerer medlemmane sine

Saka har høg prioritet hos politiet og blir etterforska med alle nødvendige ressursar. Politiet har eit godt og tett samarbeid med NFF og NHF.

– Vi har hatt informasjonsmøte med forbunda og dei vil i dag gå ut med informasjon til sine medlemmar. Politiet har venta med å gå ut med saka til skuleferien er over og spelar- og dommargruppene møtast att. Dersom det viser seg at det er snakk om fleire fornærma, vil dei no ha eit apparat rundt seg som kan handtera dette.

Politiet oppmodar folk som sit med relevant informasjon om å ta kontakt med politiet på tipstelefon 45 97 63 67.

Telefonen er bemanna i kontortid (08.00-15.30 i vekedagane framover). Det er også mogleg å kontakte forbunda eller klubbane direkte.

- Annonse -