Kommunalsjef Mariann Hilt, kommunelege Lars Helge Sørheim, ordførar Gaute S. Epland (Ap) og kommunalsjef Knut J. Gram utgjer kriseleiinga i kommunen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord kommune held onsdag ettermiddag ein pressekonferanse der nye, lokale smittevernstiltak vert presentert.

Sidan 23. oktober er om lag 30 personar registrert med koronasmitte i Stord kommune. Kommunen har ikkje sikkert oversyn over smitteveg for alle desse, og dei melder at det onsdag «er vist sannsynleg pågåande smitte utover ungdomsgruppa (18-26 år)».

– Smittesituasjonen i Stord vert vurdert som annleis enn i mange andre kommunar. Her vert det no påvist smitte av koronavirus utan at det er råd å spore tilbake til ei kjelde. Dette gjev grunn til otte og krev tiltak, melder kommuneleiinnga.

Folkehelseinstituttet (FHI) delte i mars utviklinga av pandemien inn i fem fasar. Stord kommune har no vurdert at vi her lokalt har gått over i fase 2: «Stadig fleire importtilfelle, men dei fleste nye tilfella er smitta i Noreg, og det finst fleire klyngar med minst tre ledd av innanlands smitte, medan andre delar av landet enno ikkje er affisert«.

– Ikkje grunn for å vere redde

Ordførar Gaute Straume Epland (Ap) innleiia pressekonferansen i Stord Rådhus med å tryggje innbyggjarane, samtidig som han understreka alvoret i situasjonen.

– Vi har berre éin innlagd pasient på Stord sjukehus, ingen alvorleg sjuke, og ingen smitte på sjukeheimane.

- Annonse -

Han seier at sjølv om Stord er i ein meir alvorleg situasjon, er det ikkje grunn for innbyggjarane å vere redde.

– Samtidig er det viktig, og dette er kanskje hovudbodskapen i dag, at kvar og ein av oss innbyggjarane er påpasselege med å følgje dei råda som nasjonale styresmakter no gir.

Vil vurdere påpod ved behov

Epland opplysar at dei lokale tiltaka kommunen no har valt å kome med, er oppmodingar og tilrådingar.

– Det er i tråd med smittevernlova som seier at vi i første omgang bør leggje opp til frivillige tiltak. Dersom desse vert følgt, er det tilstrekkeleg for å oppnå den ønska effekten.

Ordføraren understreker at dersom det viser seg at desse tilrådingane ikkje vert følgt, og smitta held fram med å auke, vil dei vurdere å kome med påbod.

Epland ønskjer ikkje å sei så mykje knytt til utsegnet måndag, der det vart kjend at kommunen har fått meldingar om at fleire stordabuar har brote råd som gjeld heimekarantene.

– Eg har ikkje noko meir å seie forutan at vi får tilbakemeldingar om at fleire innbyggjarar har meir å gå på for å følgje karantenereglane. Eg ønskjer ikkje å gå meir inn på det.

Uendra restriksjonar ved institusjonane

Helse Fonna varsla i dag at deira besøksforbod held fram. Stord24 stilte kommuneleiinga spørsmål om kvifor det ikkje er gjort same konklusjon knytt til kommunen sine øvrige institusjonar.

– Helse Fonna driv eit sjukehus, vi driv bustader for eldre og for folk som er i deira siste fase i livet. Det er ein vesentleg forskjell. Det er veldig inngripande å nekte bebuarane besøk, men det vert eit verkemiddel vi må setje i verk dersom situasjonen tilseier det, svarar kommunalsjef Knut J. Gram.

– Når det gjeld omsorgssenteret er det ingen restriksjonar per i dag, men vi har rutinar knytt til personellet. Når det gjeld sjukeheimane våre har vi hatt strenge restriksjonar gjennom heile sommaren, og dei held vi fram med. Vi ser at dei er gode nok.

Dette er dei nye tiltaka som med umiddelbar verknad vil vere gjeldande i fire veker fram i tid:

Gjennomføre heimekarantene:

  • Det vert oppmoda om sjølvpålagd karantene om ein sjølv har mistanke om smitte.
  • Gå rett i karantene om du kan vere nærkontakt til nokon som skal testast. Ikkje vent på telefon frå Koronasentralen.
  • Hald deg heime sjølv ved lette luftvegssymptom som tett nase og kribling i halsen inntil du er trygg på at det har gått over. Ta kontakt for testing om dei varer ved.
  • Alle over 18 år i husstanden til ein med luftvegssymptom som er testa, held seg i karantene til negativt prøvesvar ligg føre. Dette gjeld særleg pårørande som er helsepersonell med pasientretta teneste.

Det vert oppmoda om heimekontor:

  • Alle i Stord kommune som kan ha heimekontor, skal ha dette. Skular og barnehagar skal framleis vere opne. Rådhuset på Stord vil vere ope mellom klokka 10:00 og 13:00.
  • Andre offentlege og private aktørar med arbeidsplassar i Stord vert oppmoda om å gjere det same.

Besøksrestriksjon på sjukeheim og omsorgssenter:

  • Det er framleis besøksavgrensing på sjukeheimar på Stord.

Andre tiltak:

  • Vi oppmodar til bruk av munnbind på kollektivtransport og innandørs på offentleg stad (butikkar, kjøpesenter), der ein ikkje kan halde minst 1 meter avstand.
  • Vi ber om at serveringsstader med bordservering, også dei utan skjenkeløyve, fører gjestelister.
  • For utestader med alkoholservering tilrår vi at nye gjester ikkje slepp inn etter klokka 24:00.