Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

DEBATT: Lagdommarar i Gulating lagmannsrett meiner Austevoll og på sikt Bjørnafjorden kommune burde inngå i Sunnhordland tingrett.

Av: Per J. Jordal, lagdomar i Gulating lagmannsrett
og Torstein Frantzen, lagdomar i Gulating lagmannsrett

Nedlegging er moderne og dagens struktur er gamaldags, meiner Elsheim, og framheld at nedleggingar sikrar høgare kvalitet på avgjerdene.

Underforstått; avgjerdene frå små tingrettar har for låg kvalitet. At stort er bra og lite dårleg, er ein velkjent bodskap. Også her manglar bodskapen grunnlag. Det er ikkje store eller små tingrettar som dømer, det er den enkelte dommar. Tingrettsdomarar treffer avgjerdene sine åleine eller saman med lekdomarar. Det gjeld anten dei arbeider i små eller store tingrettar.

Domstolkommisjonen har ikkje noko fagleg grunnlag for påstanden om at større domstolar gjev høgare kvalitet. Til dels bidreg kommisjonen med rein synsing. Døma er mange og til dels utrulege.

I utgreiinga står det mellom anna at «Noe av forskjellen i produktivitet mellom ulike domstoler kan skyldes at ulike personlighetstyper søker seg til ulike domstoler. Det er mulig å tenke seg, men ikke nødvendigvis sannsynlig, at det kan foreligge en overvekt av særlig produktive personer i større domstoler».

- Annonse -

Å ymta om slike bisarre samanhengar, sjølvsagt utan vidare grunngjeving, fortel kva for fagleg nivå kommisjonen har funne seg til rette på. Elsheim meiner forslaget frå kommisjonen «har ei sakleg og solid grunngjeving». Vi meiner noko heilt anna.

For Vestland fylke inneber forslaget mellom anna at Hardanger tingrett med kontor på Lofthus og Sunnhordland tingrett med kontor på Leirvik skal leggjast ned. Dette avdi desse domstolane ikkje har ti dommarar, noko kommisjonen meiner er eit naudsynt minimum.
Forslaget kunne sett annleis ut. Kommisjonen kunne føreslege å oppretthalda Hardanger tingrett med rettsstad i Ullensvang og på Voss, og utvida rettskrinsen slik at han til dømes omfatta kommunane Voss, Ullensvang, Kvam, Etne, Vaksdal, Vik, Samnanger, Aurland, Ulvik, Eidfjord og Modalen. Dette ville gje vel 53.000 innbyggjarar i rettskrinsen.

Sunnhordland tingrett kunne omfatta kommunane Stord, Kvinnherad, Bømlo, Tysnes, Fitjar og Austevoll. Det ville gje rundt 61.000 innbyggjarar i rettskrinsen. Når E-39 vert ferjefri frå Stord til Os kunne det òg vera mogleg å inkludera Bjørnafjorden kommune med rundt 25.000 innbyggjarar i Sunnhordland tingrett. Domstolkommisjonen har føreslege at det skal vera ni dommarar i Ytre Finnmark tingrett, og her omfattar rettskrinsen rundt 54.000 innbyggjarar.

Viss domstolkommisjonen meiner løysinga i Finnmark er moderne og framtidsretta, kvifor har ikkje kommisjonen tenkt tanken om å styrkja Hardanger tingrett og Sunnhordland tingrett? Kommisjonen har sterkt framhalde at reiseveg på under to timar til rettsstaden ligg innanfor det akseptable. Ei løysing som skissert her gjev for dei fleste klart betre tilgjenge til domstolane enn éin tingrett i Bergen og éin i Haugesund, som er kommisjonen sitt råd. Det ville òg sikra at det vart oppretthalde varierte advokatmiljø fleire stader enn i Bergen og Haugesund.

Elsheim meiner debatten sporar av viss ordet distriktspolitikk vert blanda inn; men eit forslag som vårt ville faktisk vore eit bidrag til å sikra utvikling av distrikta, og ikkje nedbyggjing, slik kommisjonen gjer framlegg om.

Domstolskommisjonen, og førstelagmann Elsheim, framhever at spesialisering av dommarar krev at me har større domstolar. Kommisjonen føreslår likevel fleire domstolar med færre domarar enn deira eige minimumskrav på ti.

Ein av domstolene skal berre ha tre dommarar, etter kommisjonen sitt forslag. Då burde det, òg med kommisjonen si tilnærming, vore fullt mogleg å oppretthalda og å styrkja Hardanger tingrett og Sunnhordland tingrett.

Når det gjeld spesialisering, nemner me at Gulating lagmannsrett har over 30 dommarar. Her er berre rettsmekling i noko grad spesialisert. Utover dette må alle dommarar vera budde på å døma i alle saker, akkurat som på Lofthus og på Leirvik.

Det er ikkje eitt svar på kva som er moderne og framtidsretta. I Tyskland er det 638 tingrettar og i tillegg ei rad andre førsteinstansdomstolar. Nokon er langt større enn Oslo tingrett, andre har berre éin dommar. I Danmark, som har eit areal som er mindre enn Gulating lagdømme, er det 24 tingrettar.

Viss nedlegging av Hardanger tingrett og Sunnhordland tingrett skal hindrast, vert det viktig at folket i Indre Hordaland og i Sunnhordland står opp for dei lokale tingrettane.

- Annonse -