Legoland blir i sommar berre ein kort flytur unna Stord. Foto: Visit Billund
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DAT startar direkterute mellom Stord og Billund i Danmark, som vil gå mellom 28. juni og 18. august i sommar.

Torsdag har flyplassjef Jan Morten Myklebust kalla inn til pressekonferanse på Stord lufthamn saman med Danish Air Transport.

– Me kan love fleire gode nyheiter, skriv Myklebust.

Stord24 kan no fortelje at ein av dei gode nyheitene Myklebust truleg skal presentere er lanseringa av ei internasjonal sommarrute mellom Stord og Billund i Danmark.

Det er nettstaden Routesonline som melder om den nye sommarruta frå Stord.

- Annonse -

Det er DAT som vil trafikkere ruta. Det vert i følgje pressemeldinga lagt opp til ein rotasjon mellom Stord og Billund i veka.

- Annonse -
- Annonse -

Ruta vil bli trafikkert av flyet ATR42, som er det same flyet som opererer Oslo-ruta.

Billund i Danmark er ein populær destinasjon for nordmenn, mykje grunna Legoland. Her har også Danish Air Transport ein av basane sine.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -