Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 18-åring og ein mann i 50-åra blei fråtekne førarkorta etter fartskontroll på Stord i går kveld.

Klokka 22.23 i går kveld meldte politiet at dei stansa ein mann i 50-åra på Stordabrua.

– Farten var målt til 121 km/t 80-sona. Føraren fekk førarkortet sitt beslaglagt, skriv politiet.

Så tok det ikkje meir enn ti minuttar før neste fartssyndar måtte bøte med førarkortet.

Klkka 22.33 stansa nemleg politiet ein 18 år gammal mann då han køyrde i 114 km/t i 70-sona på E39.

- Annonse -
- Annonse -

- Annonse -